St. Kirik øy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

St. Kirik øy (bulgarsk остров св. Кирик, ostrov sv. Kirik) er ei bulgarsk øy i Svartehavet, om lag 400 meter utanfor Sozopol. Ho har eit areal på om lag 7 000 m².

Ein har historiske prov på at det frå 300-talet fvt. til 1. hundreåret fvt. stod ein 13,2 meter høg bronsestatue av Apollon på øya. Ein meiner òg at ein heilagdom for Apollon òg låg her, eller til og med eit tempel. Ein har planar om å reise statuen på ny etter demilitariseringa av St. Kirik øy.

I 1925 var ein skule for fiskarar og sjømenn bygd på øya, der berre foreldrelause fekk lov å gå. Skulen eksisterte berre om lag 10 år, og i 1936 vart det bulgarske marineakademiet flytta hit. Fram til 2005, då øya vart demilitarisert, var øya eit avgrensa område der bulgarske marineskip ankra opp.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]