St. Lawrence-bukta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart med St. Lawrence-bukta i mørkeblått.

St. Lawrence-bukta eller Saint Lawrence-bukta (engelsk: Gulf of Saint Lawrence, fransk: Golfe du Saint-Laurent) er ei stor havbukt på austkysten av Canada, mellom Newfoundland og det canadiske fastlandet. Grensa mot Atlanterhavet går langs ei linje frå Cape BretonNova Scotia til den franske øya St. Pierre utanfor sørkysten av Newfoundland. St. Lawrence-bukta er i samband med Atlanterhavet gjennom Cabotsundet mellom Nova Scotia og Newfoundland, og gjennom Belle Isle-sundet mellom Newfoundland og Labrador-halvøya.

St. Lawrence-elva, som kjem frå Dei store sjøane, renn ut heilt vest (inst) i bukta. I St. Lawrence-bukta ligg dei store øyane Anticostiøya og Prince Edward Island, og den mindre øygruppa 'Îles de la Madeleine'. Ytst mot havet ligg øygruppa Saint-Pierre-et-Miquelon som høyrer Frankrike til.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]