St. Nikodim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Nikodim

Helgendag3. juli, 31. oktober

St. Nikodim eller Prost Nikodim, fødd Nikita Kozjeozerskij, er ein russisk ortodoks helgen.

Nikodim kom frå ein bondefamilie i landsbyen Ivanovka i Rostovskij ujezd. Etter at foreldra hans døydde lærte han seg å bli smed i Jaroslavl, og drog så til Moskva.

Ein gong Nikita gjekk forbi Kulisjki stoppa han nær hytta til Ilija, ein Kristi tåpe. Då han såg han ropte Ilija «Eremitten av Hozjuga har kome!». Dette gjorde sterkt inntrykk på Nikita og han tok det som eit kall. Han selde alt han eigde og kom til Pafnutij som var ein arkimandritt i Tsjudov kloster og bad om å bli tatt opp i brorskapet. I klosteret vart han munk og fekk der namnet Nikodim. I elleve år var Nikodim eit førebilete for audmjukskap, lydnad, oppofring og omsorg. I 1602 vart arkimandritt Pafnutij metropolitten Sarskij og tok Nikodim med seg. Men Nikodim ønskte eit einsamt og asketisk liv. Etter eitt år gjekk prosten nordover og kom først til Kozjejezerskij kloster med biskopen si velsigning, og budde der i eitt og eit halvt år.

Minnefestdagar for St. Nikodim[endre | endre wikiteksten]

  • 31. oktober i den julianske kalenderen (tilsvarande 13. november i den gregorianske)
  • 3. juli i den julianske kalenderen (tilsvarande 16. juli i den gregorianske)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]