St. Olavsmedaljen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

St. Olavsmedaljen vart stifta av Kong Haakon VII i 1939 til løn for fortenester ved utbreiing av kjennskap til Noreg og fremjing av sambandet mellom det utflytta Noreg og heimlandet. Medaljen kan delast ut til nordmenn og utlendingar. Han er alltid i sølv med krone. Adversen har den regjerande kongen sitt portrett og valspråket hans. På reversen er Olavskrossen. Over medaljen er den regjerande monarken sitt monogram. Medaljen skal berast på venstre side i bandet til St. Olavs orden. Medaljen vert óg delt ut med eikegrein for krigsinnsats, då er han rangert etter St. Olavs orden.