St. Paul kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St. Paul kyrkje
kyrkje
Foto: Brukar HM Pinnsvinet
Kyrkjesamfunn Den katolske kyrkja i Noreg
Bispedøme Oslo
Stad Bergen
Arkitekt Grev Mella frå Vercelli
Material Naturstein
Innvigd 29. juni 1876
Kyrkjegard Nei
Orgel A. Erichsen, Christiania. Gåve av dronning Josefine av Noreg og Sverige
Kart
St. Paul kyrkje
60°23′21″N 5°19′25″E / 60.38907°N 5.3236°E / 60.38907; 5.3236
Wikimedia Commons: St. Paul kirke, Bergen

St. Paul kyrkje er ei kyrkje i Bergen frå 1876 som høyrer til den katolske St. Paul kyrkjelyd.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den første katolske messa i Bergen etter reformasjonen blei halden i 1857, og i 1864 kjøpte den då unge kyrkjelyden tomta dagens kyrkje ligg på for å byggja kyrkje der.[1] Grunnsteinen blei lagt ned året etter av pater Daniel Stub. Pengemangel gjorde at bygginga av kyrkja skulle ta heile elleve år. Prosessen blei heile tida leia av pater Stub, som då bygginga starta var sokneprest i Christiania. Først blei bygginga stansa i nesten sju år. I 1872 var ikkje lenger Stub sokneprest i Christiania og drog på reise for å samla inn pengar til kyrkjebygginga. Dette gav resultat og ein kunne etter kvart starta prosessen igjen, men då bygget hadde kome til takhøgd var ein enno ein gong tom for pengar. Stub heldt fram pengeinnsamlinga og gjorde fleire reiser på det europeiske fastlandet for å skaffa pengar til bygginga.

Stub samla inn pengar frå gjevarar i Tyskland, Italia, Sveits, Frankrike, Belgia og Nederland. Også paven gav ein betydeleg sum og den katolske dronning Josefine gav også ein stor sum til prestegarden som blei bygd i samanheng med kyrkja.

Bygget vart teikna av den italienske greven Mella frå Vercelli og bygginga vart leia av F. Fromholz som var frå ein tysk del av Polen, men busett i Bergen. Kyrkja vart i hovudsak oppført av materiale frå Noreg. Fundamenta var uthogne av naturstein frå fjella kring Bergen, og golvet var flislagt med norske fliser. Søylene vart laga i Danmark. Høgalteret og to sidealter vart laga av norsk marmor.

Kyrkja vart innvigd den 29. juni 1876. De to sidealtera hadde statuer av respektive Maria og Josef. I tillegg var det statuer av alle dei tolv apostlane i kyrkjeskipet. Statuene og krusifikset som var over høgalteret vart laga i Frankrike.

Orgelet var laga av den norske orgelmakaren A. Erichsen i Christiania og vart gitt i gåve av dronning Josefine.[2]

Frå 1970-talet kom det stadig fleire katolikkar til Bergen og storleiken på kyrkjelyden auka.[3] På 2000-talet kom det særleg mange polakkar til landet, noko som gjorde at kyrkja blei for lita for kyrkjelyden.[4]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. katolsk.no - St. Paul menighet i Bergen (Lese 21. august 2011)
  2. bergen.katolsk.no - Historie (Lese 21. august 2011)
  3. Oppføring i Norske kirkebygg (Lese 21. august 2011)
  4. Bergens Tidende - Polakkene fyller St Paul (Lese 21. august 2011