St. Peterøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ostrova sv petra2.PNG
Plasseringa av St. Peterøya nordaust for Tajmyrhalvøya

St. Peterøya (russisk Острова Петра, Ostrova Petra) er to øyar i Laptevhavet i Krasnojarsk kraj i Russland. Dei er dekte av tundravegetasjon, grus og is. Øyane, samt nokre av dei nærliggande øyar (Ostrova Andreja, Ostrov Pavla) vart opphavleg kalla opp etter apostlane.

St. Peterøya er omgjeve at smale sandbankar og myrområde. Dei ligg i Laptevhavet aust for Tajmyrhalvøya mellom Maria Prontsjisjtsjeva-bukta og Faddejbukta.

  • Den største øya er Ostrov Petr-Severnyj med eit areal på 175 km². Ho ligg tett ved kysten og sundet mellom øya og fastlandet er berre 1,2 km smalt på det smalaste.
  • Ostrov Petr-Juzjnyj er langt mindre og ligg 9 km sørvest for Ostrov Petr-Severnyj og lenger ute i havet.

Andre mindre øyar i St. Peterøyane er Dozjdevoj, Vstretsj, Bezymjannyj, Serpovidnyj og Klesjnja.

Klimaet er arktisk med mange snøstormar om vinteren. Havet omkring øyane er dekt av fast is det meste av året og pakkis sjølv om sommaren. Øyane heng derfor fast i fastlandet store delar av året.

Nærliggande øyar[endre | endre wikiteksten]

  • St. Andreasøya (Остров Андрея; Ostrov Andreja) er ei øy som ligg om lag 40 km lenger nordvest langs kysten. Denne øya, Paulusøya (Остров Павла; Ostrov Pavla) og Kosjkaøya (Остров Кошка; Ostrov Kosjka), vert stundom rekna som ein del av same gruppe, St. Andreasøyane (Острова Андрея; Ostrova Andreja).
  • Vosmogo Marta-øya (Остров Восьмого Марта) ligg berre 8,5 km sør for Petr-Juzjnyj.
  • Psovøya (Остров Псов) er ei 4 km lang og 3 km brei øya. Ho ligg lenger ned langs kysten, 43 km søraust for Petr-Juzjnyj.

Ingen av øyane har vore historisk viktige, bortsett frå at dei ligg like ved Nordaustpassasjen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 76°35′N 113°00′E