St. Thomaskyrkja på Filefjell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 61°10′47″N 8°7′7″E

St. Thomaskyrkja
St. Tomaskyrkja 01.JPG
Generelt
Kyrkjesamfunn: 

Den norske kyrkja

Bispedøme:  Hamar
Prosti:  Valdres
Fellesråd:  Vang
Innvigd:  2. juli 1971
Arkitektur
Arkitekt:  Claus Lindstrøm
Materiale:  betong og tre
Kyrkjerommet
Plassar:  150

St. Thomaskyrkja var opphavleg ei lita stavkyrkjeFilefjell i Vang kommune i Valdres. Ho låg lenge i ruinar, men ei ny kyrkje blei reist på staden og innvigd i 1971.

Kyrkja var vigd til Thomas Becket, erkebiskopen av Canterbury frå 1162. Ei gong mellom 1173 og 1180 la den norske erkebiskopen Øystein Erlendsson og kong Magnus V Erlingsson planar om å byggja ei større St. Thomaskyrkje.

Kyrkja vart brukt fram til Svartedauden (1349-1350). Då gjekk kyrkja ut av bruk, inntil folketalet auka att på 1600-talet og presten T. A. Bahr i Vang tok initiativ til å få sett kyrkja opp att. På denne tida vart mange gamle katolske kyrkjer sette i stand, det same skjedde med St. Thomaskyrkja omkring 1615.

Det er knytt mange segner til kyrkja, som trekte til seg folk frå heile landet som ønskte botemiddel. Kyrkja blei riven i 1808. Ifølge folketrua fekk dei som reiv kyrkja straff for dette, fordi kyrkja heldt på dødsånder som no kom etter dei og gjorde skade.

Dei gamle kyrkjeklokkene blei ført til forskjellige kyrkjer i Valdres, men let ikkje godt i desse. Det var fyrst då dei kom tilbake i den nye St. Thomaskyrkja som etter kvart skulle byggjast at klokkeklangen blei slik som den skulle.

Gamle spelemenn i Valdres spelte slik dei meinte å hugsa at klokkene klang i gamle dagar, og deretter blei det laga mange «klukkelåtta» både for langeleik og hardingfele.

Diktaren og kulturforkjemparen Anders Underdal byrja i mellomkrigstida ein kampanje for å gjenreise St. Thomaskyrkja. Heilt frå Underdal, som var født i 1880, var smågut hadde han høyrt sogene om denne kyrkja. Særleg var det kiminga av kyrkjeklokkene som gjekk igjen i mange av desse forteljingane. Underdal brukte mykje av si tid som omreisande skald og foredragshalder til å agitera for at kyrkja måtte gjenreisast, og han samla óg inn pengar til dette formålet. Og alltid song han den kjenningssongen han hadde skrive, «Klokkune klang over Filefjell». Dessverre for Underdal adopterte Nasjonal Samling gjenreisinga av kyrkja som ei av sine kampsaker. Underdal, som hadde lete seg påverke av Quisling sin propagandaministar til å melde seg inn i NS som eit ledd i dette prosjektet, hadde etter krigen altså hamna i vanære, så då kyrkja blei gjenreist i 1971 var det andre enn han som fekk hovudæra for det.

St. Thomaskyrkja ligg i dag på Kyrkjestølen på Filefjell tett ved E16.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]