St Agnes i Scillyøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St Agnes
Fyret på St Agnes
Fyret på St Agnes
Geografi
St. Agnes map.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 49°53′28″ N 6°20′34″ WKoordinatar: 49°53′28″ N 6°20′34″ W
Øygruppe Scillyøyane
Areal 1,48 km²
Administrasjon
Land England
Grevskap Cornwall
Demografi
Folketal 73 (2001)
Folketettleik 49 /km²

St Agnes (kornisk Aganas) er den sørlegaste av dei busette øyane i Scillyøyane i England.

St. Agnes er knytt til øya Gugh ved ein tombolo, ein slags sandbanke, kalla Gugh Bar. Denne er berre synleg ved lågvatn. Dei to øyane har i lag den minste folkesetnaden av dei busette øyane i Scilløyane. St. Agnes hadde 73 innbyggjarar i 2001 og eit areal på 148 hektar.

I tidlegare tider dreiv mange av mennene på St Agnes med losverksemd og losa transatlantiske linjeskip og andre fartøy gjennom Den engelske kanalen. I dag er hovudnæringa turisme, samt noko laukdyrking. St Agnes er den einaste av dei busette øyane i Scilløyane (i lag med Gugh) utan hotell. Det ligg derimot nokre hytter som kan leigast. Her finst òg ein pub, The Turk's Head, og ein kafe.

Dei fleste innbyggjarane bur nord og sentralt på øya. Sørsida av øya er dekt av lyngheiar.

Fyr[endre | endre wikiteksten]

Det mest kjende landemerke på øya er eit fyr, som er omgjort til bustad og ikkje lenger i drift. Det vart bygd i 1680 av Trinity House og var kolfyrt fram til 1790, då det vart oljefyrt med koparlampar og 21 roterande speglar. Fyret var det andre som vart bygd i Cornwall. I 1910 vart det nedlagd og Peninnis fyr på St. Mary's tok over fyrrolla. I dag er det berre eit dagmerke for skipsfarten i området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]