St Martin's i Scillyøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St Martin's
Flyfoto av St. Martin's
Flyfoto av St. Martin's
Geografi
St Martins Map.png
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 49°57′49″ N 6°17′22″ WKoordinatar: 49°57′49″ N 6°17′22″ W
Øygruppe Scillyøyane
Areal 2,37 km²
Administrasjon
Land England
Grevskap Cornwall
Demografi
Folketal 142 (2001)
Folketettleik 60 /km²

St Martin's (kornisk Brechiek, tyder «flekkete øy») er den nordlegaste av dei busette øyane i Scillyøyane i England. Ho har eit areal på 2,37 km².

Dagmerket på St Martin's

Det er tre busetnader på øya, Higher Town, Middle Town og Lower Town, samt nokre spreidde gardar og hus. Totalt har øya 142 innbyggjarar (2001).

Det ligg eit hotell på øya og ein pub. I tillegg finst eit gjestehus og ein liten campingplass.

I nord går ein veg over til White Island som berre er mogeleg å bruke ved lågvatn.

Nordaust på øya står eit raudt og kvitt dagmerke. Det vart reist i 1683 av Thomas Ekins, den første statthaldaren til familien Godophin på øya. Det er 4,8 meter i diameter og 6,4 meter høgt.

Det er to kyrkjer på St Martin's.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: St Martin's i Scillyøyane

Kjelder[endre | endre wikiteksten]