St Mary's Island i Tyne and Wear

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 55°04′18″N 01°26′59″W

St Mary's fyr på St Mary's Island, sett frå fastlandet

St. Mary's Island er ei lita sandsteinsøy nær feriestaden Whitley Bay i Tyne and Wear i England. Ho vart opphavleg kalla Bates Island, Hartley Bates eller Bates Hill då ho var eigd av familien Bates. Øya ligg utfor Curry's Point på fastlandet og ved fjøre sjø dukkar det opp ei steinlagt vegfylling inn til land. St. Mary's fyr frå 1898 står på øya.

I mellomalderen stod det eit kapell på øya tileigna St. Helena. I kappellet stod lykta Lady Light, òg kalla St. Katherine's Light. Lykta vart seinare tillagt Jomfru Maria, og øya vart slik kjend som St. Mary's Island. Det er omdiskutert om lykta vart nytta som fyrlykt for skipsfarten, eller om det berre var religiøst. Ved sidan av kapellet låg ein gravplass for munkar og lokale innbyggjarar. Spor etter kapellet vart øydelagd då fyret vart bygd der i 1898.

St Mary's fyr på St Mary's Island, mot søraust

På 1800-talet var det eit vertshus på øya, Square and Compass. Etter at bråkete kundar gjekk i land på nærliggande område utan lov, vart vertshusfamilien kasta bort frå øya i 1895.

Fyret var i drift fram til 1984, då det vart teken ut av teneste.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]