St Ninian's Isle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
St Ninian's Isle
Geografi
St Ninian's Isle is located in
Stad Nordsjøen
Koordinatar 59°58′ N 1°21′ WKoordinatar: 59°58′ N 1°21′ W
Øygruppe Shetlandsøyane
Areal 0,72 km²
Høgaste punkt 53 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Shetlandsøyane
Demografi
Folketal 0, sist busett i 1796

St Ninian's isle er ei lita øy i Shetlandsøyane i Skottland. Ho er landfast til Shetland Mainland via den mest aktive tomboloen i Storbritannia. Tomboloen vert lokalt kalla ein ayre, som kjem av det norrøne for 'grusstrand', og er 500 meter lang. Bortsett frå ved særs høg flo ligg sandbanken over havnivå. St. Ninian er derfor i røynda ei halvøy.[1] Den næraste busetnaden er Bigton på South Mainland.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Som namnet tyder på har øya hatt samband til kyrkja, og som andre øyar på Shetland, Orknøyane og Hebridane har ho hatt samband med irske munkar. Øya har derimot ei historie som strekkjer seg langt lengre bak enn til kristen tid, og det er funne graver frå yngre steinalder innanfor murane til kapellet på øya.

Kapellet er frå 1100-talet og er framleis synleg nær tomboloen. Kapellet er tileigna vernehelgenen til Shetland, den mystiske St. Ninian frå Galloway. Under ei utgraving i 1958 fann ein keltisk sølv frå 700-talet i ein treboks under kapellet.[2] Ein trur at det har vorte stolen under eit vikingtokt. Ein har òg funne restar av eit før-norrønt kapell, som indikerer at irske munkar kan ha vore her.

Den siste familien som budde på øya forlet øya i 1796.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fettes College Shetland Landscapes Henta 24. mars 2010.
  2. Haswell-Smith, Hamish. (2004) The Scottish Islands. Edinburgh. Canongate.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]