St Olaf's Church i Wasdale Head

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
St Olaf's Church i Wasdale Head i Cumbria i Nordvest-England

St Olaf's Church i Wasdale Head i Cumbria i Nordvest-England er ei av dei minste kyrkjene i England, kan hende den aller minste. Kyrkja ligg vakkert til i ein lund med barlind i nærleiken av det høgste fjellet og den djupaste innsjøen i Lake District National Park, og er rekna som «fjellklatrarkyrkja» i England.

Namnet St Olaf's Church er frå 1977; tidlegare hadde kyrkja vore utan namn. Det var presten i kyrkja på denne tida, som hadde vener i Noreg, som gjorde framlegg om at kyrkja vart vigsla til den norske helgenkongen Heilag-Olav eller Sankt Olav. Dei eldste kjeldene som nemner kyrkja er frå 1550, men ein reknar med at ho er eldre. Ifylgje tradisjonen skal taksperrene i kyrkja opphavleg ha vore spanta i eit vikingskip.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]