Stabblandet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stabblandet
Imarsundbruene som fekk Stabblandet og Tustna landfast. Foto: Olve Utne
Imarsundbruene som fekk Stabblandet og Tustna landfast.
Foto: Olve Utne
Geografi
Norway - Stabblandet.png
Stad Nordmøre
Koordinatar 63°11′19″N 08°14′26″EKoordinatar: 63°11′19″N 08°14′26″E
Areal 25 km²
Høgaste punkt Innerbergsalen (908 moh.)
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Stabblandet er ei øy i tidlegare Tustna kommuneNordmøre. Sidan 1. januar 2006 har ho vore innlemma i Aure kommune

Topografi[endre | endre wikiteksten]

Stabblandet ligg mellom øya Tustna i vest og øya Ertvågøya i aust. Rett nordom Stabblandet ligg øya Solskjel, og i sør grensar Stabblandet til Vinjefjorden og til Halsa kommune på fastlandet. Det er to fjellkjeder på Stabblandet, den kompakte Innerbergssalen/Stabben langsetter vestsida av øya og fjella Storøra og Litløra som fortset i ein mindre bergrygg langsetter austsida av øya. Mellom desse ligg dalen Soleimsdalen.

Busetjing[endre | endre wikiteksten]

Hovuddelen av befolkninga på Stabblandet bur på den relativt flatlendte nordenden av øya — på gardane Soleim og Nygarden, og særleg i grenda Nordheim lengst i nordaust. Grensande til Solåsundet på vestsida av øya finst grenda Innerberg, og grensande til Imarsundet på austsida av øya finst gardane Ørbogen, Fugelsnes og Aukan. På sørsida av øya ligg garden Fjelnesdalen.

Vegnett[endre | endre wikiteksten]

Det er brusamband mellom øya Tustna og Stabblandet og mellom Stabblandet og Ertvågsøya via Jørgenøya. Det var tidlegare ferjesamband både til Edøya i Smøla kommune og til ForsnesHitra, samt til VingsnesErtvågsøya. Desse ferjesambanda er no neglagde og nytt ferjesamband er oppretta mellom øya Tustna (Sandvika) og Edøya. Det er òg veg langsetter austsida av øya heilt til garden Aukan, og langsetter vestsida av øya forbi Soleimsgardane søretter til Innerberg på Stabblandet. Ein skogsveg går vidare frå Innerberg og endar opp i Fjelnesdalen.