Stabel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stabel er ei gammal måleining for skorne sagbord. Ein stabel er eit stort tusen, det vil seie 1200 bord eller hundre tylfter.

Ordet «stabel» vert også bruka om andre lagvis ordna haugar, anten det er bokstablar eller plankestablar.

Ved stabling av trelast for tørking i friluft, er det viktig at stabelen får høveleg god luftgjennomstrøyming, tilpassa tilhøva på staden. Den nedste materialfloa vert lagd på stødige stableføter, gjerne ein halv meter over bakken. Til ein stabel på 6x6 m treng ein 16 stableføter, plasserte med 1,5 m avstand. Mellom kvar flo legg ein bind, nøyaktig over stableføtene. Tradisjonelt har det vore bruka bind av same slags material som ein stablar i flørne, men for å unngå bindblått, ein fargeskade i anleggsflatene, har ein sidan gått over til å bruke bind av tørka lekter. I stabelen skal trelasta tørke høveleg raskt slik at ein unngår oppsprekking og råteskadar, samtidig som ein skal unngå at material vert bøygd eller vridd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]