Staccato Peaks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 71°47′S 70°39′W
Staccato Peaks
fjell
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
Topp Aleksanderøya
 - koordinatar 71°47′S 70°39′W
Høgaste punkt Hageman Peak
 - høgd 940 moh
Administrert under Antarktistraktaten
Staccato Peaks is located in Antarktis
Staccato Peaks (Antarktis)

Staccato Peaks er ei rekkje fjelltoppar som strekkjer seg 18 km frå nord til sør, med ei høgd opp mot kring 940 moh der Hageman Peak er det høgaste fjellet. Dei ligg 32 km sør for Walton Mountains sør på Aleksanderøya i Antarktis. Fjella vart oppdaga frå lufta av Lincoln Ellsworth den 23. november 1935, og kartlagd frå bilete teken på den flyturen av W.L.G. Joerg. Det vart kartlagd på ny frå flyfoto tekne av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon i 1947–48, av Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Namnet vart gjeve av United Kingdom Antarctic Place-Names Committee og syner til dei stupbratte toppane kring snøfeltet. Det er òg knytt til andre musikalske namn i nærleiken.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Staccato Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).