Staffa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Staffa
Lokalt namn: Stafa
Staffa sett frå lufta
Staffa sett frå lufta
Geografi
Staffa is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°26′ N 6°20′ WKoordinatar: 56°26′ N 6°20′ W
Øygruppe Indre Hebridane
Areal 0,33 km²
Høgaste punkt 42 moh.
Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute
Demografi
Folketal 0

Staffa (skotsk-gælisk Stafa[1], frå norrønt for «søyleøy») er ei øy i Indre Hebridane i Argyll and Bute i Skottland. Vikingane gav ho dette namnet, fordi basaltsøylene på øya minte dei om husa deira, som vart bygt av vertikale trebjelkar.[2]

Staffa ligg om lag 10 km vest for Isle of Mull. Ho har eit areal på 33 hektar[3] og det høgaste punktet på øya ligg 42 meter over havet.

Øya er kjend for dei geologiske formasjonane, først og fremst grotta Fingal's Cave. Ho vart gjort kjent på slutten av 1700-talet etter eit besøk av den britiske naturforskaren sir Joseph Banks. Han og reiseselskapet hans let seg imponere av basaltsøylene på øya, og særleg grotta som Banks gav namnet Fingal's Cave. Besøket deira vart etterfylgt av mange prominente personar, mellom anna dronning Victoria og komponisten Felix Mendelsohn. Mendelsohn-ouverturen Die Hebriden gjorde øya enno meir kjend.

Øya er i dag eigd og styrt av National Trust for Scotland.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

I førhistorisk tid var Staffa dekt av ei iskappe som spreidde seg frå Skottland forbi dei ytre Hebridane og ut i Atlanterhavet. Etter at isen trekte seg tilbake for siste gong kring 20 000 år sidan var havnivået om lag 125 meter lågare enn i dag. Det er komplisert å estimere kvar kystlinjene gjekk etter førre istid, men det er grunn til å tru at Staffa var ei større øy like utanfor kysten av Skottland, som på det tidspunkt inkluderte det som i dag er øya Mull, Iona og Treshnish Islands. [4]


Eit stadig stigande havnivå har sidan den gong isolert den vesle øya. Ho er av vulkansk opphav, og består av eit fundament av tuff under finkorna basalt frå tertiærtida, med eit tredje lag av basaltisk lava utan krystallinsk struktur på toppen. Den langsame avkjølinga av det andre laget har resultert i dei spesielle mønstret av basaltsøyler som kan studerast i dei mange grottene på øya. Desse søylene har i hovudsak heksagonal form, men kan ha mellom tre og tolv kantar.[5] Liknande formasjonar finst på Giant's CausewayIrland, på øya Ulva og ved Ardmeanach på øya Mull.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Am Buachaille - gjetaren

Staffa ligg 10 kilometer vest for Mull, og 9 km nordaust for Iona. Andre naboøyar i aust er Ulva, Little Colonsay og Gometra. Øya er om lag ein kilometer lang i nord-sør-retning, og ein halv kilometer brei. Kystlinja er bratt og forreven, med mange grotter som er grave ut av regn, straum og bølgjer. Det veks litt gras på toppen av øya, og det er ei ferskvasskjelde der.

På austkysten ligg grottene Goat Cave og Clamshell Cave. Den siste er 10 meter høg, om lag 6 meter brei og går nærare 45 meter innover. Like ved Clamshell Cave ligg det vesle skjeret Am Buachaille (frå gælisk for «gjetaren», eit fløskjer med særs spesielle delvis liggande basaltsøyler. Av andre skjer rundt øya finn ein mellom anna Eilean Dubh i nordvest.

På sørvestkysten ligg grottene Boat Cave og Mackinnon-grotta (kalla opp etter ein abbedIona frå 1400-talet). Det er mogeleg å nå desse grottene frå bukta Port an Fhasgaidh ved lågvatn. I 1945 eksploderte ei mine ved inngangen til Boat Cave, og spor av denne eksplosjonen er framleis synlege på klippeveggen.,[6] Mackinnon-grotta har ei lengd på 107 meter, noko som gjer ho til den 79. lengste sjøgrotta i Europa og Nord-Amerika. [7]

Den mest kjente attraksjonen på Staffa er Fingal's Cave. Det er ei stor sjøgrotte sør på øya, om lag 25 meter høg og 70 meter lang. Veggane inne i grotta er dekte av hektagonale søyler av basalt. Desse klippeveggane, som gjerne vert kalla «kolonnaden», inspirerte Felix Mendelsohn til å skrive ouverturen Die Hebriden,[8] som òg er kjent som Fingal's Cave eller på tysk Fingalshöle. Ouverturen hadde premiere i London i 1830. Det opphavlege namnet på grotta på gælisk var An Uamh Bhin (den musikalske grotta), men ho vart seinare omdøypt og kalla opp etter den legendariske irske krigaren Fionn mac Cumhaill (Finn MacCool) frå 200-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Fingal's Cave med dei karakteristiske basaltformasjonane.

Lite er kjent om Staffa i tidlege tider, det er ingen skriftlege kjelder som nemner namnet. Den sikraste indikasjonen på at øya lokalt har vore kjent under dette namnet sidan mellomalderen er at den sveitsiske byen Stäfa skal ha fått namnet sitt av ein munk frå Iona som ei oppkalling.[6] Staffa var eigd av MacQarry-klanen (som òg eigde Ulva og hadde eigedomar på Isle of Mull) fram til 1777. I 1772 levde det ein enkelt familie på Staffa, som hadde eit magert utkome frå den skrinne jorda.[6] Ved byrjinga av 1800-talet hadde denne familien reist, tilsynelatande på grunn av dei sterke vinterstormane[9]. Øya har ikkje vore busett sidan den gong. I 1800 var øya eigd av Colin MacDonald frå LochboisdaleSouth Uist. I løpet av 1900-talet hadde øya fleire private eigarar, mellom dei Alastair dei Watteville som skreiv ei bok om øya.[10] I 1986 vart øya gjeve til National Trust for Scotland av Jock Elliot jr., som ein kreativ måte å markere 60-årsdagen til kona Eleanor på. Eit takknemleg NTS gav Eleanor Elliot ærestittelen «Steward of Staffa». [11]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Staffa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Mac an Tàilleir, Iain, (2003) "Placenames P-Z" (pdf) Edinburgh. Pàrlamaid na h-Alba.
  2. Murray (1973) s. 44.
  3. Estimat frå Haswell-Smith, Keay (1994) skriv 28 ha.
  4. Murray, W.H. (1973). The Islands of Western Scotland. London: Eyre Methuen. ISBN 41325100. 
  5. Mitchell, Colin og Mitchell, Patrick. Landform and Terrain: The Physical Geography of Landscape (engelsk). Brailsford Press. ISBN 1904623565.
  6. 6,0 6,1 6,2 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1-84195-454-3. 
  7. Long Sea Caves of the World Vitja 21. februar 2010. Har berre oversikt over grotter i Europa, Nord-Amerika og Hawaii.
  8. Galveston Symphony Program Notes: Mendelssohn galvestonsymphony.org.
  9. Keay, J. & Keay, J. (1994) Collins Encyclopaedia of Scotland. London. HarperCollins, s.894
  10. de Watteville, Alastair (1993) The Island of Staffa: Its Astonishing Rock Formations Include World-renowned Fingal's Cave. Romsey Fine Art.
  11. Tam Dalyell. Minneord Jock Elliot (engelsk). The Independent 4. november 2005. Vitja 21. februar 2010.