Stafford

Koordinatar: 52°48′N 2°7′W / 52.800°N 2.117°W / 52.800; -2.117
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Stafford

Sentrum i Stafford
Sentrum i Stafford
Sentrum i Stafford
Plassering
Stafford is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Staffordshire
Distrikt Stafford
Grunnlagd ca. 700
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

65 965
Koordinatar 52°48′N 2°7′W / 52.800°N 2.117°W / 52.800; -2.117
Diverse annan informasjon
Postnummer ST16, ST17
Telefon-retningsnummer 01785
Commons har multimedium som gjeld: Stafford

Stafford er administrasjonssentret i grevskapet Staffordshire i England. Byen ligg mellom Wolverhampton og Stoke-on-Trent, og er òg administrasjonssenter for distriktet Stafford.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Stafford viser til ein vadestad (ford) ved ein landsettingsstad (staithe). Staden var det einaste der ein større hærstyrke kunne krysse elva Trent, og var difor strategisk viktig for regionen. Den første busetjinga låg på ei øy midt i elva Sow, som er ei sideelv til Trent. Elva danna der eit myrlandskap, og det er enno eit større myrområde der.

I 913 vart Stafford befesta av Ethelfleda, som var dotter av Alfred den store. Byen vart dermed den nye hovudstaden i Mercia. Ethelfleda styrde riket frå Stafford i fem år som dronning av Mercia etter far hennar og ektemannen døydde. Det var omtrent på denne tida at grevskapet Staffordshire vart oppretta.

Stafford Castle vart bygd av normannarane i 1070, på ei høgd rett utanfor byen. Det vart først reist i tømmer, og deretter ombygd i stein. Det har òg vorte bygd om to gonger seinare. Det einaste som er att er ruinar frå 1800-talet som står på jordvollane. Vollane er store, og vitnar om ei imponerande festning då ho var på høgdepunktet sitt. Ruinane er flaumopplyste, og kan sjåast frå M6 og West Coast Main Line.

Den eldste bevarte bygningen er St. Chads kyrkje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]