Stamnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stamnes er også eit tidlegare namn på Sandnessjøen

Stamnes er ein stad/eit område i Vaksdal kommune i Hordaland fylke. Området har namnet sitt frå garden Stamnes som ligg ca. midt i området. Stamnes femner om delar av Indre Osterfjord, Veafjorden og Vika-/Bolstadfjorden.

På Stamneshella (Hedlo) finn ein butikk, barnehage, eldrebustader og Stamnes kyrkje. I Sand finn ein barneskule. Stamnes var tidlegare kjend for eit særs rikt laksefiske i fjordane i området. Fisket foregjekk ofte på ein spesiell måte der fiskarane sat oppe i nokre små hytter, kalla giljer, bygde høgt over fjorden, og speida ner i fjorden etter laksen. I fjorden under giljene låg det ei stor not, og når fiskarane såg at laksen (ofte fleire) svømde over nota, so slapp dei i nokre steinar slik at nota gjekk opp og fisken vart fanga. I dag vert dette fisket berre praktisert som prøvefiske og forskningsprosjekt på grunn av den alvorleg truga laksestamma. Tidlegare var òg sanddrift ei stor næring i bygda.