Stamnes kyrkje
- Sjå òg Sandnessjøen kyrkje, som tidlegare het Stamnes kyrkje
| Stamnes kyrkje | ||
| Generelt | ||
| Kyrkjesamfunn: | ||
| Bispedøme: | Bjørgvin | |
| Prosti: | Hardanger og Voss | |
| Fellesråd: | Vaksdal | |
| Sokn: | Stamnes | |
| Innvigd: | 20. oktober 1861[1] | |
| Endringar: | Påbygd sakresti i 1961 | |
| Arkitektur | ||
| Type: | Langkyrkje | |
| Arkitekt: | Peter Høier Holtermann[1] | |
| Materiale: | Tre | |
| Kyrkjerommet | ||
| Plassar: | 250[2] | |
Stamnes kyrkje står på Stamnes på nordsida ytst i Vikafjorden i Vaksdal kommune i Hordaland fylke, og er ei langkyrkje frå 1861.
Kyrkja er teikna av Peter Høier Holtermann og er bygd i tre.
Innhaldsliste |
Tidlegare kyrkjer på Stamnes [endre]
Stamnes har vore kyrkjestad sidan mellomalderen. Det tidlegaste ein finn Stamnes-kyrkja nemd i kjeldene er frå 1328. Mellomalderkyrkja var mest truleg ei stavkyrkje, og ho vart avløyst av ei tømmerkyrkje tidleg på 1600-talet.[3] Tømmerkyrkja stod til ho vart avløyst av den noverande kyrkja i 1861. Grunnen til at dei bygde ny kyrkje i 1861 var at 1600-talskyrkja var vorte for lita.
Stamnes sokn [endre]
Stamnes kyrkje er soknekyrkje i Stamnes sokn i Hardanger og Voss prosti. Stamnes sokn høyrde fram til og med 1868 til Haus prestegjeld i Nordhordland prosti. I 1869 vart Stamnes og Bruvik sokn skilde ut som Bruvik prestegjeld, som òg høyrde til Nordhordland prosti. I 1968 vart Vaksdal prestegjeld, som høyrde til Hardanger og Voss prosti, oppretta med sokna Stamnes, Dale, Eksingedalen og Vaksdal.
Kjelder [endre]
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Norges Kirker: «Stamnes kyrkje» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforskning. Vitja 13. april 2009
- ↑ Redaktør: Alf Henry Rasmussen – Våre kirker : norsk kirkeleksikon. Vanebo Forlag, Kirkenær 1993. ISBN 82-7527-022-7 - «Stamnes kyrkje», s. 359
- ↑ Norges Kirker: «Stamnes kyrkje - Bakgrunn» på nettstaden til Norsk institutt for kulturminneforsking
Bakgrunnsstoff [endre]
- Om Stamnes sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser soknegrenser og kyrkjestader, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket
- Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Vaksdal kommune på nettstaden disnorge.no
|
|
|
|---|---|
| Bergsdalen kyrkje · Dale kyrkje · Eidsland kapell · Eksingedalen kyrkje · Nesheim kyrkje · Stamnes kyrkje · Vaksdal kyrkje |
|
|
|
|---|---|
| Bergsdalen · Bolstadøyri · Dale · Eidfjord · Eidfjord gamle · Eidsland · Eksingedalen · Evanger · Finse · Granvin · Helgatun · Jondal · Jordalen · Kinsarvik · Mjølfjell · Nesheim · Norheimsund · Odda · Oppheim · Raundalen · Røldal · Skare · Stamnes · Strandebarm · Tyssedal · Ullensvang · Ulvik · Utne · Vaksdal · Vikøy · Vinje · Voss · Øystese · Ålvik |