Stamsund
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Stamsund | ||
| Geografi | ||
|---|---|---|
| Kommune | Vestvågøy | |
| Fylke | Nordland | |
| Folkemengd[1] | 1 014 (2012) | |
| Folketettleik | 889,5 /km² | |
| Areal[1] | 1,14 km² | |
| Annan informasjon | ||
| Ferdselsårer | 817 Hurtigruta | |
| Postnummer | 8340 STAMSUND | |
Stamsund er ein tettstad i Vestvågøy kommune i Lofoten i Nordland. Han har rundt 1000 innbyggjarar, og er eit viktig fiskevær med Aker Seafood (tidlegare J.M. Johansen) og Nordland Havfiske (tidlegare Lofoten trålrederi) som viktigaste verksemder.
Nordland Havfiske er det største trålrederiet i Nord-Noreg. J. M. Johansen er ei tradisjonsrik verksemd som i dag driv med filetproduksjon. Stamsund er òg stoppestad for Hurtigruta.
Stamsund har eit stort kulturliv med to frie teatergrupper, Nordland dukketeaterverkstad, kunstgalleri og fleire kunstnarar.
Kjelder [endre]
- ↑ 1,0 1,1 Statistisk sentralbyrå Folkemengd og areal, 1. januar 2012.