Stamtreteori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det austroasiatiske stamtreet

Stamtreteorien (frå tysk Stammbaumtheorie) i historisk språkvitskap er ein modell der språkendringar blir beskrivne i analogi med familietreet. I denne metaforen blir språk jamførte med familiemedlemer og språkfamilien med ein familie og slektskap mellom språk med slektskap mellom familiemedlemer. Urspråk, som er språket øvst i stamtreet, blir jamført med ein stamfar. Eit stamtre blir til vanleg framstilt som eit tre snutt på hovudet, slik at urspråk kjem øvst og «etterkomarane» under.

Teorien blei utvikla midt på 1800]-talet av den tyske språkforskaren August Schleicher (1821–1868). Schleicher var inspirert av evolusjonsteorien til Charles Darwin, jamfør boka hans frå 1873, Die Darwinsche Theorie und die Sprachwissenschaft. Det språklege stamtreet seier likevel ingenting om den biologiske slektskapen mellom talarane av språka.

Kriterium[endre | endre wikiteksten]

Kriteriet for å samle ei gruppe språk i ei grein av stamtreet er at dei har ein felles innovasjon, som når dei germanske språka utgjer ei grein av den indoeuropeiske språkfamilien mellom anna fordi dei alle har gjennomgått den germanske lydforskyvinga.

Binær forgreining[endre | endre wikiteksten]

Fylogenetisk stamtre med binære forgreiningar.

Somme språkforskarar postulerer at alle forgreiningar i eit stamtre er binære, som i det fylogenetiske treet til høgre. Dette er ein logisk konsekvens av kriteriet for å postulere greiner i stamtreet: Ei gruppe språk blir delt i to greiner:

  1. dei språka som har ein felles innovasjon
  2. dei språka som ikkje har innovasjonen

Problem med stamtreteorien[endre | endre wikiteksten]

Det indoeuropeiske stamtreet.

I svært mange tilfelle er dette vanskeleg eller umogeleg å få til ei binær forgreining, og det er eit grunnleggjande problem for heile stamtreteorien. Til dømes har det ikkje late seg gjere å setje opp eit stamtre for den indoeuropeiske språkfamilien med berre binære forgreiningar. Det har difor blitt føreslege ein alternativ modell, bølgjeteorien.