Stand Up av Jethro Tull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stand Up
Studioalbum av Jethro Tull
Språk engelsk
Utgjeve 25. juli 1969 (UK/Europa)
29. september 1969 (USA/andre stader)
Innspelt 17. april 1969 – 21. mai 1969
Studio Morgan Studios i London, utanom Bourée i Olympic Sound Studio 1, London
Sjanger
Lengd 37:48
Selskap Island (Storbritannia)
Reprise (USA)
Produsent Terry Ellis og Ian Anderson
Jethro Tull-kronologi 
This Was
(1968)
Stand Up Benefit
(1970)


Singlar frå Stand Up
  1. «Living in the Past/Driving Song»
    Utgjeve: 24. april 1969
  2. «Bourée/Fat Man»
    Utgjeve: September 1969

Stand Up er det andre studioalbumet til det britiske rockebandet Jethro Tull, utgjeve i 1969.

Før innspelinga for dette albumet kom i gang, slutta den originale gitaristen Mick Abrahams på grunn av musikalske skilnader mellom han og Ian Anderson. Abrahams ønskte å halde seg til bluesrock, som på debutplata This Was, medan Anderson ønskte å utforske andre sjangrar, som folkrock. Han vart erstatta av gitaristen Martin Barre, som spelte på alle dei seinare Jethro Tull-albuma etter dette.[1] Alt i alt er dette albumet likevel meir forankra i bluesrock enn framtidige Jethro Tull-album.

Stand Up representerer det første albumet der Anderson har full kontroll over musikken og tekstane. Albumet går i ein annan retning enn debutplata og syner påverknader frå keltisk musikk, folkemusikk og klassisk musikk. Særleg har songen «Fat Man» ei uvanleg instrumentering der Ian Anderson spelar mandolin, ein av dei første gangane dette instrumentet vart nytta av eit rockeband. Den instrumentale «Bourée» er ein av dei meir kjende songane til Jethro Tull og er ei jazzaktig omarbeiding av «Bourrée i E-moll» av J.S. Bach.

Albumet gjekk raskt heilt til topps på den britiske albumlista, medan singelen «Living in the Past», som ikkje er med på albumet, nådde tredjeplassen.[2]

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Bandet byrja innspelinga av albumet den 17. april 1969 og byrja med «A New Day Yesterday». Dei spelte inn «Back to the Family» og «Fat Man» den 21. april, «Jeffrey Goes to Leicester Square» den 22. april, «Nothing Is Easy» og «Bourée» (alternativ versjon) den 23. april, «Bourée» og «Early in the Morning» (som var uferdig) den 24. april, «Reasons for Waiting» den 26. april, «For a Thousand Mothers» og «We Used to Know» i lag med «Play in Time» (instrumentalt spor) den 1. mai og til slutt «Look into the Sun» den 21. mai. Alle songane vart spelte inn i Morgan Studios i Nord-London, utanom «Bourée» som var spelt inn i Olympic Studios i Sør-London fordi Morgan Studios alt var tinga for 24. april.[3] Den generelle rutinen var at bandet kom i studio kl. 0900 for å arbeide på ein song eller to fram til kl. 16-17.[3] Lydteknikaren Andy Johns prøvde somme nye teknikkar. Til dømes brukte han ein roterande, stereo-endrande gitareffekt på «A New Day Yesterday» ved å svinge ein dyr Neumann U67-mikrofon langs kabelen i store sirklar i studioet.[4] Songen «Bourée» var vanskelegast å spele inn og Anderson og bandet var ikkje nøgde med nokre av opptaka dei hadde gjort. Den endelege versjonen vart seinare sett saman av fleire opptak, med nokre ekstra tøtsj av Anderson.[5][6]

Plateomslag[endre | endre wikiteksten]

Utforminga av plateomslaget byrja med ein tur til New Haven i Connecticut under ein konsertturné seint i februar 1969. I lag med produsenten Terry Ellis møtte bandet ein treutskjerar kalla James Grashow som følgde dei i ei veke for å lage ei treutsjering av bandet.[3] Resultatet vart eit dobbeltfalsa plateomslag i tresnitt-stil designa av Grashow, opphavleg forma som ei pop-up-bok, slik at utskjeringane av bandet stod opp. Dette viste til platetittelen, Stand Up. Abumet vann prisen til New Musical Express for beste plateomslag i 1969. Denne utforminga vart ikkje nytta då albumet kom ut på ny i 1973.

Musikalsk stil[endre | endre wikiteksten]

Albumet er framleis forankra i blues, som ein kan høyre på opningssporet «A New Day Yesterday». Songen «Fat Man» syner at bandet var interesserte i uvanlege instrument, sidan Ian Anderson speler mandolin som ein av dei første gangane dette instrumentet vart nytta av eit rockebandet. Akustiske stykke, som «Reasons for Waiting», syner at Anderson var inspirert av Roy Harper. Den instrumentale «Bourée» (ein av dei populære konsertstykka til Jethro Tull) er ein jazzaktig omarbeiding av «Bourrée i e-moll» av Johann Sebastian Bach.[1] «Nothing Is Easy» er ein hardrock song med hardtslåande trommer av Clive Bunker og skrikande gitar, som står i kontrast til dei meir fredlege, akustiske songane på albumet.

Ian Anderson har sagt at akkordprogresjonen i «We Used to Know» umedvite vart plukka opp av Eagles då dei turnerte i lag i 1971 eller 1972 og sidan nytta i songen deira «Hotel California».[7] Don Felder, som skreiv musikken for «Hotel California», kom derimot ikkje inn i Eagles før etter 1974. I eit intervju i 2016 sa Anderson at akkordprogresjonen truleg hadde blitt nytta i tidlegare songar òg, og kalla «Hotel California» ein «mykje betre song» enn «We Used to Know».[8]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om Stand Up ikkje er eit konseptalbum har tekstane mange referansar til forholdet han hadde til foreldra sine (eit tema som heldt fram på Benefit), særskild på «Back to the Family» og «For a Thousand Mothers». Ein kan finne observasjonspoesi i songane «Fat Man» og «Jeffrey Goes to Leicester Square». Det vanskelege livet før bandet slo gjennom vart skildra i «We Used to Know».[9]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3.5/5 stars [10]
The Village VoiceB− [11]
PopMatters8/10 stars [12]
Record Collector4/5 stars [13]
Rolling Stone(positiv) [14]
The Daily VaultA[15]

Stand Up fekk blanda kritikk då det kom, men har i nyare tid stort sett blitt rosa for produksjonen og musikaliteten.

Meldinga i Rolling Stone i 1969 var ganske positiv og sa «albumet er ikkje særleg sexy, men i si form er det ganske fantastisk» og at «albumet er heller ikkje særskild funky, men det er omhyggeleg utarbeidd (men ikkje sterilt), som krev nøye gjennomlyttingar. På ei tid når mange av dei etablerte stjernene sviktar, er det særskild gledeleg å høyre ei viktig, ny røyst.»[14] Den samtidige meldinga i Disc and Music Echo var mindre positiv. Det rekna det dyre omslaget som «det mest imponerande» ed albumet og at Jethro Tull var eit bra konsertband, men som ikkje klarte å skape noko «musikalsk interessant» med denne plata.[16] Den amerikanske kritikaren Robert Christgau skreiv på ny at han mislikte bandet, men meinte albumet var «greitt nok» i meldinga si i Village Voice.[11]

Ei seinare melding i AllMusic var positiv og sa at bandet «hadde forankra stilen sin» med dette albumet, og at fleire av songane hadde preg av «engelsk folkemusikk» over eit bluesrockfundament.[10] Sean Murphy i PopMatters skreiv at Stand Up var eit «meiningsfylt dokument frå det som viste seg å bli ei overgangstid i rockehistoria... eit dokument skapt i eit kortvarig kunstnarisk vindauge før prog, en etter britisk blues og psykedelisk rock.» Han hylla musikaliteten til musikarane og nemnde dei første døma på «førsteklasses tekstar av Anderson».[12] Record Collector trekte fram korleis «albumet fangar bandet på veg oppover til svimlande høgder, med sjølvtilliten som følgde med gitaristen Martin Barre» og med «ei frisk samling av varierte, men berre sterke komposisjonar».[13]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fleire rockestjerner har omtalt Stand Up som favorittalbumet deira, som Eddie Vedder i Pearl Jam,[17] Tom Hamilton i Aerosmith,[18] Joe Bonamassa,[17] og Joe Satriani.[19]

I eit intervju med BraveWords i 2015 valde Anderson ut Stand Up som favoritt-Tull-albumet sitt: «Eg tenkjer at om du verkeleg skulle vri amen min, så ville eg truleg gått attende til 1969 med Stand Up, fordi det var det første albumet mitt med verkeleg original musikk. Det har ein spesiell stad i hjarta mitt.»[17]

Utgjvingar[endre | endre wikiteksten]

Albumet kom ut på ny i 1973 på Chrysalis Records.

I 1989 gav MFSL ut ei ommastra utgåve med katalognummer UDCD 524. Heftet som følgde plata hadde med pop-up-utskjeringa av bandet.

I 2001 vart ei digital ommastring av albumet gjeven ut med fire bonusspor.

5. oktober 2010 kom det ut ei luksusutgåve av albumet med seks bonusspor på plate ein og ein ekstra disk med konsertopptak frå Carnegie Hall den 4. november 1970, og ei tredje plate med ein DTS-kringlydmiks. Alt vart miksa av Peter Mew i Abbey Road Studios.

I november 2016 vart albumet igjen gjeven ut i ein plateboks med to CD-ar og ein DVD, kalla Stand Up - The Elevated Edition. Boksen inneheld sjeldne spor og opptak som ikkje var gjevne ut før (som eit alternativt opptak av «Bourée», BBC-opptak og andre radioinnspelingar), inkludert ein ny stereo og ein 5.1-miks av albumet og bonusspora av Steven Wilson. Det inneheld òg konsertopptak frå ein konsert i Sverige i 1969, som òg vart miksa på ny av Wilson. Boksen kom med eit hefte på 112 sider med omtale av kvart spor av Ian Anderson, ei omfattande historie av albumet, sjeldne foto og ein reproduksjon av det originale pop-up-omslaget.[20]

I februar 2017 vart det igjen gjeve ut å ny på ei 180-grams vinylplate med det originale albumet. Òg denne kom med det opphavlegge pop-up-omslaget.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ian Anderson bortsett frå der andre er nemnde.

Nr.TittelLengd
1.«A New Day Yesterday»4:10
2.«Jeffrey Goes to Leicester Square»2:12
3.«Bourée» (instrumental, J. S. Bach arr. Anderson)3:46
4.«Back to the Family»3:48
5.«Look into the Sun»4:20
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Nothing Is Easy»4:25
7.«Fat Man»2:52
8.«We Used to Know»4:00
9.«Reasons for Waiting»4:05
10.«For a Thousand Mothers»4:13
Total lengd:37:48
  • Kassettutgåva frå 1973 hare same innhald, men har byta om sidene.[21]
Bonusspor på 2001-utgåva
Nr.TittelLengd
11.«Living in the Past»3:23
12.«Driving Song»2:44
13.«Sweet Dream»4:05
14.«17»3:07
Total lengd:51:07

Samlarutgåva frå 2010 (tre plater[endre | endre wikiteksten]

CD 1: Ommastra album og bonnusspor
Nr.TittelLengd
11.«Living in the Past» (2001 Digital Remaster)3:19
12.«Driving Song» (2001 Digital Remaster)2:38
13.«Sweet Dream» (2001 Digital Remaster)4:01
14.«17» (2001 Digital Remaster)6:09
15.«Living in the Past» (Original singelversjon i mono; 2001 Digital Remaster)3:22
16.«Bourée» (John Peel Session, 16. juni 1969)3:57
17.«A New Day Yesterday» (John Peel Session, 16. juni 1969)4:13
18.«Nothing Is Easy» (John Peel Session, 16. juni 1969)5:03
19.«Fat Man» (John Peel Session, 16. juni 1969)2:53
20.«Stand Up (US Radio Spot #1)» (2010 Digital Remaster)1:02
21.«Stand Up (US Radio Spot #2)» (2010 Digital Remaster)0:51
CD 2: Live at Carnegie Hall, New York, 4. november 1970
Nr.TittelLengd
1.«Nothing Is Easy»5:43
2.«My God»12:43
3.«With You There to Help Me» / «By Kind Permission Of» (Ian Anderson/John Evan)13:34
4.«A Song for Jeffrey»5:25
5.«To Cry You a Song»6:03
6.«Sossity, You're a Woman» / «Reasons for Waiting» / «Sossity, You're a Woman»5:28
7.«Dharma for One» (Ian Anderson / Clive Bunker)13:37
8.«We Used to Know»3:41
9.«Guitar Solo» (Martin Barre)8:24
10.«For a Thousand Mothers»4:43
DVD: Live at Carnegie Hall, New York, 4. november 1970 (5.1-kringlyd-miks) og intervju med Ian Anderson
Nr.TittelLengd
1.«Introduction»1:26
2.«Nothing Is Easy»7:41
3.«My God»14:34
4.«With You There to Help Me» / «By Kind Permission Of»15:26
5.«A Song for Jeffrey»7:07
6.«To Cry You a Song»6:43
7.«Sossity, You're a Woman» / «Reasons for Waiting» / «Sossity, You're a Woman»8:53
8.«Dharma for One»23:20
9.«We Used to Know»4:03
10.«Guitar Solo»8:23
11.«For a Thousand Mothers»4:50
12.«Interview with Ian Anderson, London 2010» 

2016 The Elevated Edition[endre | endre wikiteksten]

CD 1: Steven Wilson-stereomiks av albumet og andre innspelingar
Nr.TittelLengd
11.«Living in the Past»3:25
12.«Driving Song»2:50
13.«Bourée» (Morgan-versjon)4:18
14.«Living in the Past» (Original 1969 Stereo Single Mix)3:27
15.«Driving Song» (Original 1969 Stereo Single Mix)2:48
16.«A New Day Yesterday» (Mono BBC Session)4:17
17.«Fat Man» (Mono BBC Session)2:56
18.«Nothing Is Easy» (Mono BBC Session)5:06
19.«Bourée» (Mono BBC Session)4:02
CD 2: Live i Stockholm Konserthus, 9. januar 1969 og andre innspelingar
Nr.TittelLengd
1.«Introduction»0:21
2.«My Sunday Feeling»4:46
3.«Martin's Tune»12:08
4.«To Be Sad Is a Mad Way to Be»4:00
5.«Back to the Family»4:07
6.«Dharma for One»14:14
7.«Nothing Is Easy»15:28
8.«A Song for Jeffrey»3:57
9.«To Be Sad Is a Mad Way to Be» (versjon frå første konserten)4:06
10.«Living in the Past» (Original 1969 Mono Single Mix)3:27
11.«Driving Song» (Original 1969 mono Single Mix)2:52
12.«Stand Up radio spot #1»1:06
13.«Stand Up radio spot #2»0:52
DVD: Steven Wilson 5.1-kringlyd og stereomiks og flat overføring frå det originale stereoalbumet og tiknytte innspelingar og filmklipp frå Live at the Stockholm Konserthuset, 9. januar 1969
Nr.TittelLengd
11.«Living in the Past» (5.1 Surround Mix)3:25
12.«Driving Song» (5.1 Surround Mix)2:50
13.«Bourée (Morgan Version)» (5.1 Surround Mix)4:18
14.«A New Day Yesterday» (2016 Stereo Mix)4:11
15.«Jeffrey Goes to Leicester Square» (2016 Stereo Mix)2:13
16.«Bourée» (2016 Stereo Mix)3:48
17.«Back to the Family» (2016 Stereo Mix)3:54
18.«Look into the Sun» (2016 Stereo Mix)4:37
19.«Nothing Is Easy» (2016 Stereo Mix)4:27
20.«Fat Man» (2016 Stereo Mix)2:52
21.«We Used to Know» (2016 Stereo Mix)4:04
22.«Reasons for Waiting» (2016 Stereo Mix)4:07
23.«For a Thousand Mothers» (2016 Stereo Mix)4:19
24.«Living in the Past» (2016 Stereo Mix)3:25
25.«Driving Song» (2016 Stereo Mix)2:50
26.«Bourée (Morgan Version)» (2016 Stereo Mix)4:18
27.«A New Day Yesterday» (Original Stereo Mix)4:11
28.«Jeffrey Goes to Leicester Square» (Original Stereo Mix)2:13
29.«Bourée» (Original Stereo Mix)3:48
30.«Back to the Family» (Original Stereo Mix)3:54
31.«Look into the Sun» (Original Stereo Mix)4:37
32.«Nothing Is Easy» (Original Stereo Mix)4:27
33.«Fat Man» (Original Stereo Mix)2:52
34.«We Used to Know» (Original Stereo Mix)4:04
35.«Reasons for Waiting» (Original Stereo Mix)4:07
36.«For a Thousand Mothers» (Original Stereo Mix)4:19
37.«Living in the Past» (Original Stereo Mix)3:25
38.«Driving Song» (Original Stereo Mix)2:50
39.«Living in the Past» (Original Mono Mix)3:25
40.«Driving Song» (Original Mono Mix)2:50
41.«Film recorded 9. januar 1969 at the Stockholm Konserthuset of songs «To Be Sad Is a Mad Way to Be» and «Back to the Family»»7:10

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Jethro Tull
Produksjon

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Albumet gjekk til topps på den britiske albumlista og selde òg godt i USA, der det nådde 20. plasse. I Noreg (der bandet hadde turnert i lag med Jimi Hendrix), nådde albumet femteplassen.

Album[endre | endre wikiteksten]

År Liste Plassering
1969 UK Albums Chart [2] 1
Dutch MegaCharts[22] 4
Den danske albumlista[23] 5
Den tyske albumlista[24] 5
Norske VG-lista[25] 5
Billboard 200 (USA)[26] 20
RPM100 Albums (Canada)[27] 20
2010 Den italienske albumlista[28] 92

Singlar[endre | endre wikiteksten]

År Singel Liste Plassering
1969 «Living in the Past»/«Driving Song» UK Singles Chart[2] 3

År Singel Liste Plassering
1969 «Bourée»/«Fat Man» Dutch MegaCharts[29] 5

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Land Organisasjon År Sal
USA RIAA 1972 Gull (+ 500 000)[30]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Stand Up». Jethro Tull Official Website. Henta 30. april 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Jethro Tull Official Charts». Official Charts Company. Henta 30. april 2019. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Rabey 2013, s. 52.
  4. Nollen 2001, s. 44
  5. Nollen 2001, s. 48.
  6. Rabey 2013, s. 52–3.
  7. Wiser, Carl. «Ian Anderson of Jethro Tull». Songfacts.com. Henta 30. april 2019. 
  8. Bosso, Joe. «The Real Story Behind Jethro Tull's 'Stand Up'». web.musicaficionado.com. Henta 30. april 2019. 
  9. 9,0 9,1 Breznikar, Klemen (13. desember 2011). «It's Psychedelic Baby Magazine: Glenn Cornick interview about Jethro Tull, Wild Turkey». Psychedelicbaby.blogspot.com.br. Henta 30. april 2019. [daud lenkje]
  10. 10,0 10,1 Eder, Bruce. «Jethro Tull - Stand Up review». AllMusic. All Media Network. Henta 30. april 2019. 
  11. 11,0 11,1 Christgau, Robert (26. februar 1970). «Consumer Guide». The Village Voice. Henta 30. april 2019. 
  12. 12,0 12,1 Murphy, Sean (2. desember 2010). «Jethro Tull - Stand Up (Expanded Collector's Edition)». PopMatters. Henta 30. april 2019. 
  13. 13,0 13,1 Rossi, Marco (December 2010). «Jethro Tull - Stand Up: Collector's Edition». Record Collector (383). Henta 30. april 2019. 
  14. 14,0 14,1 Gerson, Ben (13. desember 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (48): 52. Arkivert frå originalen 27. juni 2017. Henta 8. november 2016. 
  15. Rusk, Bruce (2019). «The Daily Vault Music Reviews : Stand Up». dailyvault.com. Henta 29. januar 2019. 
  16. «Don't Judge Jethro By The Cover!». Disc and Music Echo. Tullpress.com. 2. august 1969. Arkivert frå originalen 31. mars 2016. Henta 30. april 2019. 
  17. 17,0 17,1 17,2 Prato, Greg. «Jethro Tull’s Ian Anderson Discusses Shea Stadium Concert Mishap - «I Was Soaked In Urine As I Walked Out To Play For The Audience…»». Brave Words & Bloody Knuckles. Henta 30. april 2019. 
  18. Prato, Greg (28. juni 2015). «Toys in the Attic Turns 40». Long Island Pulse.com. Henta 30. april 2019. 
  19. Chrisley, Neil (5. juni 2013). «Joe Satriani on His Five Essential Albums». Gibson.com. Gibson Guitar Corporation. Henta 30. april 2019. 
  20. Stand Up – 3 Disc Collectors Edition in Pop-up Sleeve (CD Sleeve). Jethro Tull. London, UK: Chrysalis Records CHRX 1042. 2010. Henta 30. april 2019. 
  21. Stand Up (Audio Cassette Sleeve). Jethro Tull. London, UK: Chrysalis Records CCH 1042. 1973. Henta 30. april 2019. 
  22. «Jethro Tull – Stand Up». Dutchcharts.nl (på Dutch). Media Control Charts. Henta 20. mars 2016. 
  23. http://danskehitlister.dk/?song_id=6291
  24. «Album – Jethro Tull, Stand Up». Charts.de (på tysk). Media Control Charts. Henta 20. mars 2016. 
  25. «Jethro Tull – Stand Up (Album)». Norwegiancharts.com. Media Control Charts. Henta 20. mars 2016. 
  26. «Stand Up Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 20. mars 2016. 
  27. «Top Albums/CDs - Volume 12, No. 14, 22. november 1969». Library and Archives Canada. 22. november 1969. Henta 23. mars 2016. 
  28. «Jethro Tull – Stand Up (Album)». Italiancharts.com. Media Control Charts. Henta 20. mars 2016. 
  29. «Jethro Tull – Bourée». Dutchcharts.nl (på Dutch). Media Control Charts. Henta 20. mars 2016. 
  30. «RIAA Gold & Platinum Database: search for Jethro Tull». Recording Industry Association of America. Henta 24. mars 2016. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]