Standard austnorsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Standard austnorsk er eit mangetydig definert bokmålsnært dialekt- og sosiolektkontinuum på det sentrale Austlandet, med sentrum i Oslo og oslomål. Det vert av fleire rekna som eit i røynda standardtalemål for bokmål og norsk elles, og er i det fall det einaste standardtalemålet i Noreg. Standard austnorsk er nært knytt til dansk-norsk, men avhengig av kva definisjon ein nyttar, kan standard austnorsk liggja nærare tradisjonelle norske dialektar heller enn dansk skriftmål.

I kva grad standard austnorsk er eit standardtalemål eller ikkje, er gjort komplisert av at omgrepet standardtalemål heller ikkje er veldefinert.

Skilnader mellom standard austnorsk og vikamål[endre | endre wikiteksten]

Det er store skilnader mellom standard austnorsk og vikamål, den tradisjonelle dialekten i Oslo, som kring 1970 i stor grad hadde vorte fortrengt av standard austnorsk. Nokre døme på ulike setningar på vikamål og standard austnorsk kan vera:

Døme
Vikamål Riksmålsnær standard austnorsk
A'Kari blei lært opp av n'Per. Hu skøyt en bjønn utanfor kjærka, i dærn. Kari ble lært opp av Per. Hun skjøt en bjørn utenfor kirken i dalen.
Åffer gjorde du detta? Å ska jæ gjøra nå? Hvorfor gjorde du dette? Hva skal jeg gjøre nå?
A'mor fløtta seg for'n, fordi n'hadde hønn. Mor (mamma) flyttet seg for ham, fordi han hadde horn.
Nå ser jæ dom komma. Nå ser jeg dem komme.
Hu snakka som vårs, da hu var i huset demses. Hun snakket som oss, da hun var i huset deres.
Di må setta dere. Dere må sette dere.

Definisjon[endre | endre wikiteksten]

Det finst ingen ålment godteken definisjon av standard austnorsk. Sjølv grunnleggjande og sentrale trekk som om endinga på a-gjerningsord i perfektum partisipp i standard austnorsk skal vera -a, -et (kasta mot kastet) eller båe er uklårt. Det har vore gjort framlegg om at det er tale om to ulike variantar av standard austnorsk, ein «moderne» eller «radikal» variant (med ordformer som sein, sjøl, tida og kasta), og ein «konservativ» variant (med ordformer som sen, selv, tiden og kastet).

Det er dessutan uklårt kva slags uttale standard austnorsk skal ha; om lokale utalemønster utanfor det sentrale Austlandet, som til dømes skarre-r, er fullgod standard austnorsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]