Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker

Koordinatar: 61°25′43.216″N 5°10′1.3800″E / 61.42867111°N 5.167050000°E / 61.42867111; 5.167050000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°25′43.216″N 5°10′1.3800″E / 61.42867111°N 5.167050000°E / 61.42867111; 5.167050000

AS Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker.
Plankerenne for transport til og fra demningene.

Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker var den første aluminiumsfabrikken i Skandinavia. Den vart etablert i 1908 i Stongfjorden, ein av dei første industristadene i Sogn og Fjordane.

Då British Aluminium Company (BACO) kom til Stongfjorden i 1906 hadde allereie industripioneren Peter Jebsen frå Bergen bygd dam og kraftstasjon som sørgde for produksjon av torvkol så jod, men dette var ikkje lønsamt.[1]

Stongfjorden fekk gatelys då aluminiumsfabrikken starta opp.[2] Fabrikken var i drift til 1945, og hadde på det meste kring 70 tilsette,[3] men produksjonen kom aldri opp i meir enn 700 tonn per år.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Stangfjorden Elektrokemiske Fabriker