Stanghelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stanghelle
tettstad
Stanghelle Vest sett frå Flatafjellet
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Vaksdal
Areal 0,39 km²
Folketal 756  (2023)
Folketettleik 1 938 / km²
Postnummer 5724 STANGHELLE
Innbyggjarnamn stanghelling
Preposisjon Stanghelle
Kart
Stanghelle
60°33′0″ N 5°43′0″ E
Wikimedia Commons: Stanghelle

Stanghelle er ein tettstad i Vaksdal kommune i Vestland. Staden ligg ved Veafjorden og Dalevågen og er omringa av høge fjell. E16 og Bergensbanen/Vossabanen går gjennom staden.

Stanghelle sett frå Rispingen på Osterøy.

Det bur om lag 800 menneske på Stanghelle, fordelt på det som vert kalla Stanghelle Aust og Stanghelle Vest, som er delt av Dalevågen, men forbunde med Vågen bru. På Stanghelle ligg mellom anna Coop marked, Naboen Kro & Selskapsmat, Stanghelle barnehage og Stanghelle skule for 1. til 7. klasse.[1]

Småstadane Fossmark i sør, Helle i nord og Hesjedalen i vest på Osterøya vert ofte rekna å høyra til Stanghelle. Dei næraste større tettstadane til Stanghelle er Dale sju km mot nord, og Vaksdal som ligg 10 km mot sør.

Kjende stanghellingar er Trond Egil Soltvedt, tidlegare Premier League-proff, og Harald Stanghelle, tidlegare Dagbladet-redaktør, no redaktør for Aftenposten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nettstaden til Stanghelle skule, arkivert frå originalen 9. november 2018, henta 27. juli 2017