Stanghelle stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 60°32′55″N 5°43′56″E

Stanghelle stasjon
Stanghelle stasjon.jpeg
Stanghelle stasjon på slutten av 1800-talet.
Foto: Axel Lindahl
Stasjonsområdet
Stad Stanghelle
Kommune Vaksdal
Fylke Hordaland
Distanse 432,22 km frå Oslo
Høgd 2,5 moh.
Opna 1883
Arkitekt Balthazar Lange
Linjer og rutedrift
Linje(r) Bergensbanen
Operatørar NSB

Stanghelle stasjon ligg på Stanghelle i Vaksdal kommune i Hordaland og er ein stasjon på Bergensbanen. Han vart opna i 1883 som del av Vossabanen. Det er lokaltoga som går Bergen-Voss-Myrdal som stoppar ved stasjonen.

Stanghelle ligg mellom Dale stasjon og Vaksdal stasjon, 432,22 km frå Oslo.

Stasjonsbygningen er teikna av Balthazar Lange, og vart oppført etter ein typeteikning kalla fjerde klasse som også vart nytta til Nesttun stasjon (sidan flytt til Ygre stasjon), Haukeland stasjon, Arna gamle stasjon, Trengereid stasjon, Dale stasjon (sidan flytt til Reimegrend stasjon), Bolstadøyri stasjon, Evanger stasjon og Bulken stasjonVossabanen.[1] Då Bergensbanen vart opna vart mange av desse stasjonsbygningane forlenga.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Eivind Hartmann, Øistein Mangset, Øyvind Reisegg (1997) Neste stasjon : En guide til jernbanens arkitekturhistorie, s. 141 – Gyldendal, Oslo. ISBN 8205252947.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]