Stangvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stangvik
stad
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Surnadal
Postnummer 6642 STANGVIK
Innbyggjarnamn stangvikgjelding
Kart
Stangvik
62°55′10″ N 8°28′5″ E
Wikimedia Commons: Stangvik
Båthamna i Stangvik
Fjorden ved Stangvik

Stangvik (lokal uttale «stångvikja») er ei grend ved Stangvikfjorden i Surnadal kommuneNordmøre og ein tidlegare kommune.

Grenda[endre | endre wikiteksten]

Det er eit særprega bygdesentrum i Stangvik, og mange hytter dannar grunnlag for eit populært utfartsområde. Den årlege Stangvikfestivalen har vekt på klassisk musikk.

Tidlegare Stangvik kommune[endre | endre wikiteksten]

Stangvik er ein tidlegare kommune i Møre og Romsdal oppretta med formannskapslovene av 1837 som Stangvik formannskapsdistrikt. Folketeljinga i 1865 hadde 2.619 innbyggjarar i kommunen.(Tidlegare folketeljingar har felles folketal for Stangvik og Halsa kommune.)[1] Stangvik var eit sentralt kommunesentrum så lenge sjøen var den viktigaste ferdselsåra.

Kommunegrensene blei endra fleire gongar i siste del av 1800-talet:[2]

  • 1. januar 1874 blei ein del av Stangvik med 61 innbyggjarar overført til Tingvoll.
  • 1. januar 1877 blei ein del med 50 innbyggjarar overført til Surnadal.
  • 1. januar 1879 blei ein del av Halsa med 260 innbyggjarar og ein del av Surnadal med 83 innbyggjarar ført over til Stangvik.
  • 1. januar 1886 blei garden Møklegjerdet med 29 innbyggjarar overført frå Stangvik til Surnadal.
  • 1. mai 1895 blei Åsskard skild ut frå Stangvik som eigen kommune. Stangvik hadde 2.354 innbyggjarar etter delinga.
  • 1. januar 1897 blei garden Sjøflot i Stangvik med 27 innbyggjarar overført til Surnadal kommune.

1. januar 1965 blei Stangvik delt og slått saman med andre kommunar. Hovuddelen av kommunen med 1.386 innbyggjarar blei slått saman med Åsskard og Surnadal til den nye Surnadal kommune. Ålvundfjord krins som hadde 508 innbyggjarar, blei slått saman med Sunndal kommune. Åsprong-Sandnes krins med 26 innbyggjarar blei slått saman med Tingvoll kommune.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Stangvik kommune frå 1895 til 1965:

1.5.1895[2] 1.12.1920[3] 1.12.1930[4] 3.12.1946[4] 1.1.1951[5] 1.1.1961[5] 1.1.1965[2]
2354a 2173 2180 2303 2252 2068 1920
aDette talet omfattar garden Sjøflot, som vart overført til Surnadal kommune i 1897. Dette området hadde då 27 innbyggjarar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Registreringssentral for historiske data: Hjemmehørende folkemengde Møre og Romsdal 1801-1960, vitja 25. februar 2010, arkivert frå originalen 23. februar 2007, henta 25. februar 2010 
  2. 2,0 2,1 2,2 Dag Juvkam, Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen (SSB, 1999)
  3. Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
  4. 4,0 4,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  5. 5,0 5,1 Folkemengd i Stangvik 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]