Stanley Kubrick

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjølvportrett av Stanley Kubrick med Leica på 1940-talet.

Stanley Kubrick (26. juli 19287. mars 1999) var ein amerikansk filmregissør -produsent og manusforfattar. Kubrick er rekna som ein nyskapande og særs viktig filmskapar frå 1900-talet, med filmar som 2001: en romodyssé, A Clockwork Orange, Ondskapens hotell og Full Metal Jacket.

Bakgrunn og familie[endre | endre wikiteksten]

Kubrick var fødd i New York og voks opp i Bronx i ein austerriksk-jødisk familie. Faren var lege. Han hadde ei yngre syster, Barbara. Han var gift med Toba Metz frå 1948 til dei skilde seg i 1951. Han var deretter sambuar og gift med dansaren og formgjevaren Ruth Sobotka fram til dei skilde lag i 1957. Han blei gift med den tyske skodespelaren Christiane Harlan i 1958 og dei heldt saman livet ut. Ho hadde ei dotter frå eit tidlegare ekteskap og dei fekk to barn til saman. Han og kona slo seg etterkvart ned i Childwick Bury Manor, mellom Harpenden og St Albans i Hertfordshire i England.

Film og fotografi[endre | endre wikiteksten]

Han byrja fotografera som tolvåring og blei tilsett som fotograf i magasinet Look som syttenåring. Han laga sin første film, den korte dokumentaren Day of the Fightom ein boksar, i 1950. Han laga fleire filmar i denne sjangeren, som Flying Padre frå 1951, om ein katolsk prest i New Mexico som dekkjer det enorme soknet sitt med eit småfly.

I 1953 laga Kubrick sin første spelefilm, Fear and Desire, med handling frå andre verdskrigen. I 1956 vekte han merksemd med The Killing, ein film noir-thriller om eit ran ved ein veddeløpsbane og dei blodige følgjene av det. Den klassiske antikrigsfilmen Paths of Glory frå 1957 auka omdømet hans, og i 1960 tok han over regien av filmen Spartacus. I Paths of Glory medverka Kirk Douglas, som seinare var produsent for Spartacus, og Christiane Harlan, som skulle bli kona hans.

Kubrick og Douglas var svært ueinige om korleis Spartacus skulle lagast, og Kubrick ville seinare ikkje vedkjenna seg han. Filmen om Spartakus sin slaveoppreist blei likevel ein suksess blant kritikarar og publikum, og vann fire oscarprisar.

Stanley Kubrick drog til England for å filma Lolita i 1962 på grunn av den mindre strenge sensuren der. Då han skulle filma Dr. Strangelove blei han verande der, ettersom Peter Sellers, som hadde tre rollar i filmen, var nøydd til å vera i landet på grunn av ei skilsmålssak. Til den neste filmen, 2001: A Space Odyssey, trengde han lydstudio med større lydscenar enn det som fanst i USA. Det var under førebuingane til denne filmen at Kubrick bestemte seg for å bli verande i England. Kubrick hadde full artistisk kontroll over alle desse filmane. Alle blei også nominerte til oscarprisar, og 2001 vann éin pris, for beste spesialeffektar.

Seinare filmklassikarar er A Clockwork Orange (1971), ein dystopisk science fiction-film basert på Anthony Burgess sin roman med same namn; Barry Lyndon (1975), eit historisk drama basert på ein roman av William Makepeace Thackeray, horrorfilmen The Shining (1980) basert på Stephen King sin roman med same namn, og Full Metal Jacket (1987) om Vietnamkrigen. Den siste filmen til Kubrick. Eyes Wide Shut, blei ferdig kort tid før han døydde.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Stanley Kubrick var kjend som ein nøye, krevjande filmskapar. Han var oppteken av detaljar og filmane hans hadde ein formell visuell stil som tidvis blei skildra som kald. Han hadde ein ganske liten filmproduksjon, berre 13 filmar i løpet av 40 år, men hadde mange planlagde prosjekt som aldri blei fullførte. Filmane hans hadde 14 oscarnomineringar og vann 8 oscarprisar.

Filmteknisk brukte Kubrick ofte tracking shot, der kameraet følgjer med ein karakter som beveger seg, vidvinkel og perspektiv. Eit vanleg verkemiddel var å filma ein scene ovanfrå, med høge, parallelle veggar på kvar side. I mange filmar har han brukt nærbilde av fjeset til hovudpersonen der hovudet er litt bøygd og han ser oppover. Alle filmane hans har også scenar filma frå synspunktet til personar i dei, noko Kubrick ofte fekk til med eit handhalde kamera. I eitt høve (A Clockwork Orange) filma han eit sjølvmordsforsøk ved å kasta eit kamera ned frå eit tak.

Andre nye teknikkar Kubrick fann fram til var slitscan for å framstilla verdsrommet, ein teknikk som seinare blei brukt i både Star Trek og Star Wars. For den historiske handlinga i Barry Lyndon tok han i bruk ei ny linse for å kunne filma med levande lys som einaste lyssetting.

Kubrick er kjend for bruken av klassisk musikk i filmane sine, kanskje mest for Also sprach Zarathustra ved opninga av 2001. Både klassisk og popmusikk blir fleire gonger brukt som ironiske kontrastar til scenar med vald og øydelegging, ofte i slutten av filmane.

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Kubrick, Stanley», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica Online, 2010 
  • «Kubrick, Stanley», Britannica Book of the Year, 1999, Encyclopædia Britannica Online, 2000 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stanley Kubrick