Stare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Star)
Stare
Starehann
Starehann
Starehoe
Starehoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Stare
Utbreiinga av Stare
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Starefamilien Sturnidae
Slekt: Sturnus
Art: Stare S. vulgaris
Vitskapleg namn
Sturnus vulgaris
Songen til ein stare
Sturnus vulgaris

Stare eller star (Sturnus vulgaris) er ein sporvefugl i starefamilien (Sturnidae).

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Staren er om lag 22 cm lang, og kan kjennast att på den metallglinsande svarte fjørdrakta, og den sterkt karakteristiske vårsongen som inneheld hermelydar. Om hausten skiftar han fjørdrakta si til vinterdrakt som har små, kvite flekkar.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Staren finst over heile landet, og i Finnmark kan vert han oftast sett i område nær kysten. Han oppheld seg ikkje i tette skogområde og ein finn han heller ikkje i alpine skogområde, i motsetnad til på jordbruksmark. Utbreiinga har variert ganske mykje gjennom det siste hundreåret, og på 1970- og 80-talet, blei ein kraftig tilbakegang registrert pga. forgiftingar og vinteren. Det hekkar om lag 200 og 500 tusen par i Noreg.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Staren kan hekke i mange og ulike holrom, og para kan gjerne etablere seg inntil kvarande. Han nyttar fuglekassene dersom at det ikkje er holrom. Dei same fuglane kan kome tilbake fleire år på rad. Eldste norskmerka staren ein veit om var 23 år.[2] Det er mykje fleire hannar enn hoer, så hannen forsvarar reiret sitt mot inntrengjarar. Likevel er han ikkje så godt beskytta for predatorar. Dei legg ofte eitt egg samstundes som dei tek eitt frå vertsparet. Egga er lyseblå og hoa legg 5 – 6 egg som blir ruga i tolv dagar, og det er frå siste egg er lagt. Ungane forlet kassa (reiret) etter 20 dagar. Det er då det er størst predasjonstrykk frå kråke og kattar.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Han har ein vegetabilsk næring som er: korn, frø, frukt, meitemark, sniglar, edderkoppar og meir.

Tilpassing[endre | endre wikiteksten]

Han kjem som ein av dei tidlegaste av trekkfuglane, som vanlegvis er tilbake i mars - i fyrste eller andre veke. Då er dei to månadar tidlegare før eggelegginga, noko som er uvanleg for ein trekkfugl. Dei vaksne, og ein god del ungfuglar kan fortsatt finnast i betydelege mengder ute ved kysten langt ut i oktober. Han kan også overvintre ein god del her.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Stare

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark stare Sturnus vulgaris Linnaeus, 1758 Henta 5. februar 2022
  2. Norsk RingmerkingsAtlas. Volum 2. Stavanger 2006