Stari most

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stari most
Stari Most22.jpg
Offisielt namn Stari most
Transporterer Fotgjengarar
Kryssar Neretva
Stad Mostar i Bosnia-Hercegovina
Posisjon 43°20′53″N 17°48′39″E
Utforming Boge
Total lengd 29 m
Breidd 4 m
Seglingshøgd 20 m ved midten
Opna 1566/1567
Stari Most, like etter nyopninga i september 2004.

Stari most («Den gamle brua») er ei bru i Mostar i Bosnia-Hercegovina opphavleg bygd på 1500-talet over elva Neretva, som knyter saman to delar av byen. Brua vart øydelagd av kroatar under Bosnia-krigen 9. november 1993 kl. 1015. Etter krigen vart brua bygd opp på ny og 23. juli 2004 var ho igjen opna.

Plassering[endre | endre wikiteksten]

Brua kryssar elva Neretva i den gamle bydelen i Mostar, som har gjeve namn til brua. Byen er den fjerde største byen i landet, og hovudsete i Herzegovina-Neretva kommune og uoffisiell hovudstad i Herzegovina.

Utforming[endre | endre wikiteksten]

Stari Most er pukkelforma, 4 meter brei og om lag 30 meter lang, og er på det høgaste 24 meter over elva. To forsterka tårn verna brua: Helebija-tårnet mot nordaust og Tara-tårnet i sørvest, kalla «bruvaktarane».

Brubogen er laga av ein lokal stein kalla tenelija. Forma til bogen er eit resultat av deformasjon av intradosen (den indre linja til bogen).

I staden for fundament har brua landfeste av kalkstein knytt til ein vingemur langs klippene ved elva.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den originale Stari Most fotografert på 1970-talet

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Brua vart bestilt av Suleiman den store i 1557 for å erstatte ei gamal trebru som var i ferd med å falle saman. Bygginga byrja i 1557 og tok ni år. I følgje ein inskripsjon var brua ferdig i 974 AH, som vil sei ein periode mellom 19. juli 1566 og 7. juli 1567. Ein veit lite om sjølve bygginga, og alt ein har er namnet på arkitekten Mimar Hayruddin (student under den ottomanske arkitekten Sinan). Med trugsel om dødsdom om ikkje brua vart konstruert med dei rette dimensjonane, skal arkitekten ha gjort seg klar for si eiga gravferd den dagen stillaset vart tatt bort frå den ferdige brua. Ein veit derimot ikkje korleis stillaset vart reist, korleis steinen vart transportert frå den eine sida av breidda til den andre eller korleis stillaset vart ståande under den lange byggeperioden. Ein meiner at Stari most var den bogebrua med lengst spenn i verda då ho vart bygd, og av den grunn ser ein på brua som ei av dei største arkitektoniske verka frå den tida.

Øydelegging[endre | endre wikiteksten]

Under Bosnia-krigen (1992-1995) øydela kroatiske styrkar brua den 9. november 1993. Ho hadde allereie vorte skada av serbisk bombing i 1992. Både serbiske og kroatiske nasjonalistar såg på brua som eit historisk område som høyrde til den bosnjakiske og islamske kulturen, og var ofte eit mål for bombene.

I 1992 vart rekkverket på brua gjennomhola av eit artilleriprosjektil nær den høgre breidda av Neretva. 9. november 1993 vart brua totalt øydelagd og fall ned i Neretva etter vedvarande artilleriangrep frå Cekrk og andre omliggande åsar. Dei kroatiske styrkane angreip brua av militære årsaker sidan brua var det einaste mellomleddet mellom venstre sida, som bosnjakane hadde kontroll over, og eit lite område dei hadde kontroll over på høgresida.

Rekonstruksjon[endre | endre wikiteksten]

Brua er i dag på verdsarvlista til UNESCO. 1 088 steinar vart forma etter dei opphavlege teknikkane, og rekonstruksjonen kosta om lag 12 millionar (om lag 96 millionar kroner). Ho var opna 23. juli 2004, og opningsseremonien var basert på forsoning av det bosniske samfunnet, sjølv om ein framleis kan sjå spor av vondt blod og mistru.

Ein tradisjon er at unge menn hoppar frå brua og ned i Neretva. Sidan Neretva er ei kald elv er dette svært risikabelt, og berre dei flinkaste og best trente stuparane prøver seg. Den første personen som hoppa frå brua etter den var nyopna var Enej Kelecija.

Panorama av Den gamle brua i Mostar, juni 2006

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stari most