Staryj Oskol

Koordinatar: 51°18′0″N 37°50′0″E / 51.30000°N 37.83333°E / 51.30000; 37.83333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staryj Oskol
Старый Оскол
Kyrkje i Staryj Oskol
Kyrkje i Staryj Oskol
Kyrkje i Staryj Oskol
Flagget til Staryj Oskol Byåpenet til Staryj Oskol
Flagget til Staryj Oskol Byvåpenet til Staryj Oskol


Plassering
Staryj Oskol is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Belgorod oblast
Grunnlagd 1593
Borgarmeister Pavel Tsjisjkin
Geografi
Flatevidd
 - By

199 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

219 100
  1 101 /km²
Koordinatar 51°18′0″N 37°50′0″E / 51.30000°N 37.83333°E / 51.30000; 37.83333
Høgd over havet 150 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 309500–309518
Retningsnummer (tlf) (+7)4725
Nettstad: oskolregion.ru

Staryj Oskol (russisk: Ста́рый Оско́л) er ein by i Belgorod oblast i Russland. Han ligg ved elva Oskol, rundt 120 km nordaust for Belgorod. I 2007 hadde han om lag 220 000 innbyggjarar.

Han vart grunnlagt som ei festning i 1593, som ein del av den sørlege festningsrekkja rundt Moskva. På 1600-talet vart byen plyndra av krimtatarar og ukrainske kosakkar.

Staryj Oskol er ein gruveby som lever av utvinning av jernmalm. Han ligg i utkanten av Kursk magnetiske anomali, ein av de største førekomstane av jernmalm i verda. Meir enn åtte millionar tonn jernmalm vert utvunne her kvart år. Av same årsak ligg det òg ei avdeling av Moskva føderale institutt for stål og legeringar i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]