Statens havarikommisjon for transport

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statens havarikommisjon for transport, ofte avstytta til SHT og vanlegvis kalla Havarikommisjonen, er ein offentleg fast og ubunden kommisjon som skal granske ulukker og alvorlege hendingar i samband med transport i lufta, på landjorda og på sjøen, og såleis greie ut om tilhøve som kan gjere det mogleg å hindre transportulukker. Kommisjonen skal ikkje take stode til om det ligg føre sivilrettsleg skadebotansvar eller strafferettsleg skuld og ansvar for dei ulukkene som dei granskar; dei strafferettslege vurderingane av ulukker og hendingar er det politiet og påtalemakta som tek seg av.

Instruksen for havarikommisjonen vart fastsett av Samferdsledepartementet 21. juni 1999.

Havarikommisjonen har ein direktør, og er elles organisert i ein seksjon for luftfart, ein seksjon for jarnbane, ein seksjon for veg og vegtransport, hovudsakleg kommersiell vegtransport, og ein seksjon for sjøfart og fiskeri. Kommisjonen held til på Lillestrøm i Skedsmo kommune.

Soga[endre | endre wikiteksten]

Havarikommisjonen har sitt opphav i ein kommisjon som hadde som oppgåve å granske flyulukker. Før 1989 vart det skipa ei kommisjon for kvar gong det skjedde ei flyulukke, den såkalla Flyhavarikommisjonen, som skulle granske korleis hendinga skjedde, årsakstilhøva og ansvarstilhøva. Vanlegvis vart det valt fagfolk frå Luftfartsverket og Forsvaret, og kommisjonen hadde ingen fast tilhaldsstad. Men 10. juli 1989 vart det skipa ein fast Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) i samsvar med eit mønster som var etablert av den internasjonale luftfartsorganisasjonen ICAO (International Civil Aviation Organisation, ein særorganisasjon under SN), og kommisjonen fekk faste medarbeidarar med kontor i ein villa i nærleiken av Fornebu flyplass i Bærum kommune. I 1999 vart Havarikommisjonen for sivil luftfart (HSL) etablert som ein eigen etat under Samferdsledepartementet og flytta til mellombels lokale på Kjeller flyplass i nærleiken av Lillestrøm i Skedsmo kommune som fylgje av at Fornebu flyplass vart lagt ned hausten 1998, og i 2001 til nye lokale i Lillestrøm.

Havarikommisjonen fekk i 2002 utvida mandatet til òg å granske ulukker og alvorlege hendingar i jarnbanesektoren, og namnet vart endra til Havarikommisjonen for sivil luftfart og jernbane (HSLB). I 2005 var mandatet utvida til å femna om ulukker og alvorlege hendingar i vegsektoren, og namnet vart endra til Statens havarikommisjon for transport (SHT). Mandatet vart ytterlegare utvida i 2008 til å gjelde granskingar av ulukker og alvorlege hendingar i sjøfartssektoren, og det vart slutt på den gamle ordninga med sjøforklaringar. Samstundes vart den faste granskingskommisjonen for særskilde ulukker i fiskeflåten lagd ned.

Bakgrunnnsstoff og kjelde[endre | endre wikiteksten]

Havarikommisjonens internettsider.