Statens lånekasse for utdanning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Statens lånekasse for utdanning, i daglegtale ofte kalla Lånekassa, er ein norsk statleg etat under Utdannings- og forskingsdepartementet. Etaten gir økonomisk støtte til utdanning gjennom stipend og lån. Hovudmålet er å fremme moglegheitene til utdanning uavhengig av geografiske tilhøve, alder, kjønn og økonomisk eller sosial situasjon. Lånekassa blei oppretta i 1947 som Statens lånekasse for studerende ungdom. Det noverande namnet blei innført i 1970.

Formål[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsstøtta gjennom Lånekassen skal medverke til

  • å fjerne ulikskap og fremme likestilling slik at utdanning kan skje uavhengig av geografiske tilhøve, alder, kjønn og økonomisk eller sosial situasjon
  • at utdanninga skjer under tilfredsstillande arbeidsforhold, slik at studiearbeidet kan bli effektivt
  • å sikre samfunnet tilgang på utdanna arbeidskraft

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

  • Lånekassen er eit ordinært statleg forvaltningsorgan underlagt Kunnskapsdepartementet (KD). Lånekassen blir leidd av eit styre, som er oppnemnt av KD. Styret består av åtte faste medlemmer, av desse er to elev- og studentrepresentantar og to er representantar for dei tilsette i Lånekassen. På vegner av departementet skal styret følgje opp verksemda og kontrollere at Lånekassen utfører oppgåvene sine i samsvar med styringssignal og retningslinjer frå KD.
  • Lånekassen har hovudkontor i Oslo og distriktskontor i Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø og Ørsta.
  • Ved utgangen av 2014 hadde Lånekassen 293 fast tilsette.
  • Utgiftene til ordinær drift var i 2014 på 346,2 millionar kroner. I tillegg brukte Lånekassen 71,9 millionar kroner til utviklingstiltak.

Aktuelt i 2014[endre | endre wikiteksten]

  • Lånekassen hadde ved årsskiftet (31.12.2014) 1 010 800 kundar. 417 000 elevar, studentar og lærlingar søkte om støtte i undervisningsåret 2013–2014.
  • Det kom inn 850 000 søknader om utdanningsstøtte, betalingslette, rentefritak og ettergiving i 2014. 64 prosent av søknadene om støtte og 68 prosent av søknadene om betalingsutsetjing blei behandla heilmaskinelt.
  • Lånekassen sin nettstad, lanekassen.no, hadde nesten 7,1 millionar besøk i 2014, og det var 5,6 millionar innloggingar til Dine sider (Lånekassen si løysing for sjølvbetening).
  • Lånekassen tildelte 24,2 milliardar kroner i stipend og lån i undervisningsåret 2013–2014, av dette var 4,0 milliardar kroner stipend og 20,2 milliardar kroner lån. Av det utbetalte lånebeløpet kan vi forvente at ca. 5,4 milliardar kroner vil bli gjort om til utdanningsstipend seinare.
  • Utlånsporteføljen (uteståande utdanningsgjeld) utgjer i alt 146,8 milliardar kroner.
  • Hausten 2014 blei 90 prosent av alle avtalar om støtte for studentar i høgare og anna utdanning signert elektronisk, mot 6 prosent i 2012.
  • Hausten 2014 blei omgjering frå lån til utdanningsstipend for studentar i høgare og anna utdanning gjennomført på ein ny måte. Omgjeringa skjer no først etter at Lånekassen har fått likningsopplysningar frå skatteetaten, vanlegvis om hausten året etter at studenten bestod eksamen / fullførte utdanninga si.
  • Sommaren 2014 kom nye ordningar for dei 600 000 tilbakebetalarane i Lånekassen. Mellom endringane var månadleg betaling, høve til å opprette avtalegiro, fleksibel forfallsdato, dagleg rentebelastning og forseinkingsrenter. Endringane blei lanserte under slagordet "Enklare å betale i tide, dyrare å betale for seint". Dei nye ordningane er tekne godt imot av kundane, det kan vi sjå ut frå kor mange det er som har  valt å opprette avtalegiro: Heile 140 000 kundar oppretta avtalegiro det første halvåret.

I juni 2014 vedtok styret i Lånekassen ny verksemdsstrategi for Lånekassen fram mot 2020.

  • Utviklinga av nye Dine sider starta i 2014, og den nye versjonen blir lansert i mars 2015. Nye Dine sider skal gjere det enklare for kundane å finne relevant og målretta informasjon og gjere det lettare for kundane å utføre oppgåver sjølv. Nye Dine sider vil oppfylle krav om universell utforming, vere tilgjengelege også på nynorsk og engelsk, i tillegg til å vere tilpassa mobil og nettbrett.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

  • Lånekassen blei etablert i 1947, i forlenginga av ei rekkje velferdsordningar for studentar.
  • Det første året ble det tildelt 3,3 millionar kroner i lån til 2 200 studentar.
  • Frå siste halvdel av 1950-talet blei det gitt støtte til vidaregåande opplæring.
  • Behovsprøving mot foreldreøkonomi for høgare utdanning blei avvikla på byrjinga av 1970-talet.
  • I 1980- og 1990-åra blei det utvikla store datasystem for massebehandling av søknader.
  • Støtta blei lagt om i samband med kvalitetsreforma i høgare utdanning i 2003, og studentane fekk lån som kunne bli gjort om til utdanningsstipend basert på studiepoeng.
  • I 2001 blei det råd å søkje om støtte elektronisk, og i 2005 blei det opna for elektronisk signering av gjeldsbrev.
  • Frå 2006 har kundane i Lånekassen kunna lese vedtak og informasjonsbrev i ein sikker elektronisk postkasse på Dine sider.
  • Frå 2009 må alle som skal søkje om stipend og lån, gjere det elektronisk.
  • Frå 2013 har kundar i Lånekassen kunna signere avtale om støtte elektronisk med BankID direkte frå Dine sider.
  • Frå 2004 har det pågått eit omfattande moderniseringsarbeid i Lånekassen. Moderniseringa har vore organisert i programmet LØFT (Lånekassens ønskede framtid). Fornyingsprogrammet har bestått av fleire pågåande prosjekt, der utskifting av IKT-løysinga, som starta i 2007, har vore det mest omfattande prosjektet. Utskiftinga av IT-systemet i Lånekassen blei sluttført sommaren 2014.

Mål for fornyinga har vore betre og meir målretta informasjon til kundar og samarbeidspartnarar, auka sjølvbetening og automatisering, og auka effektivisering. Meir enn 40 prosent av kostnadene ved investeringar i nye system er finansiert over Lånekassen sitt eige driftsbudsjett, og driftskostnadene er redusert med 20 prosent. Gevinstane er oppnådde gjennom kortare behandlingstid, større grad av automatisert saksbehandling, auka datafangst, nye arbeidsmåtar og system og gjennom elektroniske brev i staden for utsending av papirbrev. Kundane betener seg sjølve og bruker dei digitale kanalane i langt større grad enn tidlegare, og det har også ført til at færre kundar kontaktar Lånekassen per telefon eller ved oppmøte.

Studiar[endre | endre wikiteksten]

Dyre Røseth, Effektivitet og fordeling - Lånekassen som utdanningspolitisk redskap 1947-2003, (2003) Omhandlar endringar i stønadsformer, og Lånekassa sitt omfang og rolle i norsk etterkrigstid. Digital versjon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]