Statens legemiddelverk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Statens lækjemiddelverk)
Statens legemiddelverk

Org.formOrganisasjonsledd
Org.nr.974761122
Skipa1974[1]
EigarHelse- og omsorgsdepartementet
MorselskapHelse- og omsorgsdepartementet
HovudkontorOslo
LandNoreg[2]
Tilsette270 (2016)[3]
Nettstadhttps://www.dmp.no/

Statens legemiddelverk, tidlegare òg skrive Statens lækjemiddelverk, er eit statleg forvaltningsorgan som er ansvarleg for lækjemiddel både til menneske og dyr. Legemiddelverket er ein etat under Helse- og omsorgsdepartementet.

Blant oppgåvene til legemiddelverket er å gi løyve og ha tilsyn med lækjemiddelprodusentar. Dei godkjenner òg importørar av lækjemiddel, har tilsyn med kliniske prøvar, klassifiserer lækjemiddel og fastset prisar.

Frå 1. januar 2001 slo staten saman Statens legemiddelkontroll, hovuddelen av avdelinga for apotek og lækjemiddel i Statens helsetilsyn og delar av Rikstrygdeverket til Statens lækjemiddelverk for å samla og organisera ressursane på lækjemiddelområdet betre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]