Statens vegvesen
Statens vegvesen er ein norsk, statleg etat med ansvar for bygging og vedlikehald av riksvegar og fylkesvegar og tilsyn med køyretøy og trafikantar. Etaten består av Vegdirektoratet, 5 regionvegkontor og 30 distriktskontor. Innan kvart distrikt ligg fleire trafikkstasjonar (tidlegare kalla biltilsynsstasjonar). Store utbyggjingsprosjekt blir organisert i eigne einingar lagt direkte under regionvegkontora.
Etaten er ligg under Samferdselsdepartementet, men regionvegkontora ligg under fylkeskommunane i spørsmål om fylkesvegar.
Produksjonsverksemda i Statens vegvesen vart i 2003 skilt ut i det statlege aksjeselskapet Mesta.
Kvart år arrangerer Staten vegvesen Vakre vegers pris. Statens vegvesen gjev ut etatsavisa Vegen og Vi.
Historie [endre]
Opphavleg låg ansvaret for vegar under juristane i Justisdepartementet, inntil Frederik Stang i 1846 oppretta ein stilling som vegassistent under Indredepartementet. Målet var å få meir fagkunnskap, men utan å flytte ansvaret for vegane for langt vekk frå dei politiske beslutningane i departementet.
Den fyrste vegassistenten vart ingeniørkaptein H.K. Finne. Dei neste to tiåra ga ein kraftig auke i staten sitt bidrag til vegutbyggjing. Finne vart i 1852 etterfylgd av ingeniøroffiser Chr. W. Bergh i eit nytt vegingeniørkontor i Indredepartementet.
Eit eige vegdirektorat kom fyrst i 1864, etter lang tids kamp frå ingeniørane. Chr. W. Berg vart der den fyrste vegdirektøren.
Vegdirektoratet har sidan vore plassert under Arbeidsdepartementet 1885–1944, Trafikkdepartementet 1944–1945 og Samferdselsdepartementet 1946–.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Wikipedia» frå Wikipedia på bokmål, den 19. september 2009.