Statoil Mongstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Mongstad
Mongstad sett frå Fedje.
Foto: Frode H. Korneliussen

Statoil Mongstad er Statoil sitt oljeverksemd på Mongstad og består av oljeraffineri, eit NGL-prosessanlegg og råoljeterminal. verksemda på Mongstad vart sett i drift i 1975 og har ein kapasitet på 10 millionar tonn råolje kvart år. Det er Noregs største oljeraffineri, og Europas nest største oljehamn etter Rotterdam. Råoljeterminalen består av 6 fjellhallar som kan lagra over 9 millionar fat råolje som vert sendt ved hjelp av oljerøyr eller tankskip.

Kostnadsoverskridingar i samband med utbygging av oljeraffineriet gjorde at leiinga i oljeselskapet Statoil måtte gå av i 1987. Overskridinga synte seg til slutt å vera på kring seks milliardar norske kroner. Ein slik sum vart i media kalla ein mong, oppkalla etter Mongstad.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.