Statsallmenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statsallmenningar er område som Statskog SF har grunnbokheimel til, men som bygdefolk har sterke bruksrettar i.

Jordbruksegedommar i bygdelag som frå gammalt har utøvd hogstrett i ein statsallmenning, har rett til skogsvyrke eigedommen treng ved jordbruksdrifta. Slike bruksrettar er regulerte i statsalmenningslova.

Andre bruksrettar, som rett til jakt, innlandsfiske, beite og seterbruk er regulerte gjennom fjellova. Etter fjellova skal kvar kommune der det er statsallmenning ha eit fjellstyre. Fjellstyret skal administrere bruken og utnyttinga av rettar og lunnende i statsallmenningen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dei første skrivne lovreglar om allmenningsbruk finn vi i landskapslovene, især i Gulatingslova og Frostatingslova. Seinare vart rettsreglane tekne med i Magnus Lagabøtes landslov av 1284, Kristian den fjerdes norske lov av 1604 og Kristian den femtes norske lov av 1684.

1600-talet selde Kongen ut allmenningar til privatpersonar og til bygder med bruksrettar, og det oppstod bygdeallmenningar. Allmenningar som ikkje vert selde, vart kalla kongeallmenningar, ei nemning som i moderne tid gjekk over til statsallmenningar.

1800-talet vart skogsdrifta i statsallmenningane lovregulert. I 1920 kom den fyrste fjellova som regulerte annan bruk av allmenningane og som samstundes innførte fjellstyra.

Statslandet i Nord-Noreg har ikkje vore definert som statsallmenning. Forslaget om å etablere «Hålogalandsallmenningen» i Nordland og Troms har teke opp trekk av lovgivinga som gjeld for statsallmenningane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]