Statsbankerotten i 1813

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Statsbankerotten er den vanlegaste og folkelege nemninga på pengereformen som vart innført i Danmark-Noreg i 1813.

Dei enorme utgiftene i samband med Napoleonskrigane leidde til at staten frå 1807 trykte opp store mengdar pengesetlar, noko som førte til ein inflasjon ein ikkje klara å kontrollere. Mynteininga riksdalar vart utstedt av den statseigde kurantbanken. I 1813 vart situasjonen så utoleleg at ein måtte gjera noko nytt for å reise att tilliten til pengane.

Staten oppretta ein ny bank, Rigsbanken (frå 1818 Nationalbanken). Rigsbanken utstedte ein ny valuta, riksbankdalaren, som over ei årrekkje skulle erstatte kurantdalaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]