Statskog SF

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Statskog)
Statskog SF

Org.formStatsføretak
Org.nr.966056258
BransjeSkogbruk
Skipa1860
EigarLandbruks- og matdepartementet
HovudkontorNamsos[1]
LandNoreg[2]
Nettstadhttps://www.statskog.no

Statskog SF er eit statsføretak som forvaltar statlege skog- og fjelleigedommar i Noreg.

Verksemd[endre | endre wikiteksten]

Statsføretaket har til formål å forvalte, drive og utvikle eigedommane med dei ressursane som høyrer til, og dei utfører tenester som naturleg høyrer til forvaltinga av utmarkseigedommane. Eigedommane skal drivast effektivt med sikte på økonomisk resultat, og dei skal skal drive eit aktivt naturvern med omsyn til friluftsinteressar.

Statsgrunnen i Finnmark vert ikkje forvalta av Statskog, men har sidan 2005 vore forvalte av Finnmarkseigedommen. Kyrkjeeigedommar vert forvalta av Opplysningsvesenets fond.

Statskog SF høyrer under Landbruks- og matdepartementet og er leia av eit styre. Forretningskontoret ligg i Namsos.

Ressursgrunnlag[endre | endre wikiteksten]

Statskog har heimel til 65 000 km², eller 1/5 av fastlands-Noreg. Statsallmenningane i Midt- og Sør-Noreg omfatter 27 000 km², og vert forvalta i samarbeid med lokale fjellstyre.[treng kjelde]

Om lag 5 % av eigedommen er produktiv skog.

Hoveddelen av dei statlege utmarkseigedommane ligg i Nordland og Troms. I innlandsstroka i desse fylka er staten den største grunneigaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]