Statsministerens kontor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statsikon.svg
Type Departement
Virkefelt Noreg
Skipa 1945[1]
Statsminister Erna Solberg (H)
Hovudkontor Glacisgt. 1, Oslo
Tilsette 79 (2014)[2]
Nettside smk.regjeringen.no
Denne boksen: vis  diskuter  endre
Statsministerens kontor låg i Høgblokka i Regjeringskvartalet, til høgre i biletet, fram til angrepet i Regjeringskvartalet 22. juli 2011.

Statsministerens kontor (SMK) hjelper Statsministeren med å leie og samordne regjeringa sitt arbeid, blant anna ved å førebu, gjennomføre og følgje opp regjeringskonferansane. Kontoret har også ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp statsrådet sine møte hos Kongen. Kontoret syter for den formelle kontakten mellom regjeringa og Stortinget, og samordnar regjeringsmedlemmane si deltaking i Stortinget sine debattar og spørjetimar. Kontoret hjelper også til med statsministerens internasjonale arbeid, og har arbeidsgjevarfunksjonar for samtlege politikarar i departementa.

Statsministerens kontor har sidan september 2011 halde til i Forsvarets ledelsesbygg på Akershus festning i Oslo.

Politisk leiing[endre | endre wikiteksten]

Statsråd ved Statsministerens kontor[endre | endre wikiteksten]

Statsråden er stabssjef ved Statsministerens kontor, bistår statsministeren i arbeidet hennar, og har ansvar for forholdet til EU og samordning av EØS-saker.

Statssekretærar[endre | endre wikiteksten]

  • Julie Brodtkorb (2013- )
  • Lars Øy (2013- )
  • Sigbjørn Aanes (2013- )
  • Fredrik Färber (2013- )
  • Laila Bokhari (2013- )
  • Tore Vamraak (2013- )

Politisk rådgjevar[endre | endre wikiteksten]

  • Rolf Erik Tveten (2013- )
  • Benedicte Staalesen (2013- )

Administrativ leiing[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til statsministeren og den politiske staben, har Statsministerens kontor ein fast stab på om lag 80 personar. Staben er delt i tre avdelingar og ein seksjon.

Regjeringsråd Nina Frisak leiar den faste staben ved Statsministerens kontor. Ho har ansvaret for den daglege drifta av kontoret. Dette omfattar også arbeidsgjevaroppgåver for dei politiske stillingane ved Statsministerens kontor og i departementa.

Den administrative leiinga består elles av:

  • Assisterande regjeringsråd Arne Spildo
  • Ekspedisjonssjef Heidi Heggenes, administrativ og konstitusjonell avdeling
  • Ekspedisjonssjef Anne Nafstad Lyftingsmo, innanriksavdelinga
  • Ekspedisjonssjef Odd Magne Ruud, internasjonal avdeling
  • Kommunikasjonssjef Trude Måseide, kommunikasjonsseksjonen

Historie[endre | endre wikiteksten]

Statsministerens kontor har ansvar for sentrale sekretariatsoppgåver som har vore utført utan avbrot sidan oppløysinga av det dansk-norske riket vinteren 1814. Eldst er oppgåvene som statsrådssekretariat, som går tilbake til då prins Christian Fredrik oppretta ei sentralforvaltning i Christiania 2. mars 1814. Deretter kjem oppgåvene som sekretariat for statsministeren, som går tilbake til 2. juli 1829. Då vart det oppretta ei stilling som sekretær for den norske statsråden som etter rang vart omtalt som førstestatsråd. Etter eit avbrot i perioden 1906-1939, då statsministeren også var sjef for eit departement og brukte dette som sekretariat for oppgåvene som regjeringssjef, har statsministeren hatt eit eige sekretariat frå oktober 1939. Då vart omgrepet «Statsministerens kontor» første gong tatt i bruk. 6. januar 1956 vart kontoret formelt inndelt i politisk stab og embetsverk. 1. juli 1969 vart Statsrådssekretariatet, som til då hadde vore administrativt underlagt Justisdepartementet, nedlagt. Statsrådssekretariatets oppgåver vart då lagt til den leiande ekspedisjonssjefen, sidan 2001 regjeringsråden, ved Statsministerens kontor. To sentrale funksjonar frå tidleg på 1800-talet var med det samla; Statsrådets sekretariat og statsministerens.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]