Statsråd Christian Krohg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Christian Krohg. Litografi etter eit måleri av Jacob Munch.

Christian Krohg (15. januar 177710. november 1828) var ein norsk jurist, embetsmann og stortingsmann, son til Georg Anton Krogh og far til Georg Krohg, samt brorson og svigerson av Nicolai Krogh. Han var fødd i Gjerdrum, men rekna i vaksen alder Trondheim og Strinda som heime.

Krohg vart undervist av huslærar til han var 14 år gammal. Deretter gjekk han på skule i Kongsberg og vart student i 1794. Tre år seinare tok han juridisk embetseksamen ved Universitetet i København. År 1800 var han tilsett som adjunkt ved universitetet i konkurranse med A. S. Ørsted. 1803 vart han utnemnd til ekstraordinær professor i lovkunne, eit embete han hadde i eitt år. I 1804 vart han 2. assessor ved stiftsoverretten i Trondheim, året etter 1. assessor.

Krohg møtte som representant for Søndre Trondhjems amt på det fyrste (overordentlege) Storting. Han var då visepresident i Lagtinget. I november 1814 vart han utnemnd til medlem av den nye regjeringa og tok sete i statsrådsavdelinga i Stockholm. Dette embetet hadde han inntil han etter eige ynskje gjekk av 1. januar 1819. Kort tid etter dette vart han utnemnd til formann for lovkomiteen som skulle legge fram forslag til ny "almindelig civil og criminel lovbog" i samsvar med grunnloven §94.

Krohg møtte som representant for Søndre Trondhjems amt på alle storting 1821-28. I 1821 og 1822 var han president i Lagtinget, og formann i femten av dei tjue komiteane han var medlem av, i 1822 var han formann i tre komitear. Han var i 1824 stortingspresident, og formann i fem komitear. Mellom dei var konstitusjonskomitéen, og i eigenskap av formann skreiv han innstillinga som sette Stortinget i stand til å forkaste unionskongens, Karl Johans, grunnlovsforslag. Innstillinga er datert 17. mai 1824. For mange vart Krohg etter dette ein nasjonalhelt. Også i 1827 var han stortingspresident, samt formann i sju av dei åtte komiteane han var medlem av. Han var visepresident i Stortinget på det overordentleg storting 1828, og formann i fem komitear.

Han var president i riksretten mot Fasting i 1821-22 og medlem av riksretten mot Collett i 1828.

Krohg makta ikkje å fullføre arbeidet med å fornye straffelova og straffelovsprosessen. I 1828 vart han fråteken ansvaret for dette, og straks etter tok han livet sitt i Kristiania. Kort i ettertid kom forslag om å reise et monument over han. Ei minnestøtte vart reist ved Nybrua i Oslo. Ho vart avduka 17. mai 1833. Henrik Wergeland heldt tale før avdukinga, og støtta var i fleire år eit midtpunkt i nasjonaldagsfeiringa i byen. Krohg er gravlagd på Vår Frelsers gravlund.

Han var farfar til målaren Christian Krohg, som heitte etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Store Norske Leksikon