Statsreligion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Land med statsreligion: ██ Buddhisme ██ Islam ██ Sjiaislam ██ Sunniislam ██ Ortodoks kristendom ██ Protestantisme og Anglikanisme ██ Den romersk-katolske kyrkja

Ei statskyrkje eller ein statsreligion er eit trussamfunn som er forankra i lovverket i landet og er administrert av statsorgan. Statskyrkja representerer religionen som staten har gjeve offisiell status. Statskyrkja kan vere økonomisk underhalden av staten, eller staten kan ha sikra ho særskilde finansieringsordningar (innkrevjing av kyrkjeskatt eller liknande).

Omgrepet statskyrkje er relativt[endre | endre wikiteksten]

Omgrepet statskyrkje er lite presist og må nyttast som et relativt omgrep. Det kan definerast forskjellig og og innhaldet kan avgjerast på ulik måte. I den aktuelle debatten vert det til dels nytta som eit konnotasjonsord, det vil seie eit ord som gjev ulike assosiasjonar og som det vert knytt ulike førestillingar eller kjensler til. Motsetnaden til statskyrkja er ofte frikyrkja.

Det mest vanlege kjenneteiknet ved statskyrkja er at statlege organ, inkludert statsoverhovudet, er involvert i styring og forvaltning av kyrkja. Denne involveringa kan vere meir eller mindre omfattande både politisk, administrativt og økonomisk.

Forankring i konstitusjonen[endre | endre wikiteksten]

Ei statskyrkje har gjerne ei forankring i konstitusjonen eller anna særskilt lovverk. Dei konstitusjonelle førsegenene kan vere nedfelt i ein eller fleire paragrafar i grunnlova i landet. Vedkommande kyrkje si konfesjonelle særpreg kan vere gjeve i grunnlova. Dette er tilfelle i Danmark. Likevel har den danske statsministeren understreka at Danmark har ei folkekyrkje og ikkje ei statskyrkje. Ikkje desto mindre er den danske folkekyrkja innvevd i den offentlege forvaltninga og på sentralt hald styrt av eit eige kyrkjeministerium. Fleire land med katolsk eller ortodoks dominans har i sine konstitusjonar føresegner om støtte til dei respektive kyrkjesamfunna, til dømes Malta, Argentina og Hellas. Dei aktuelle kyrkjene er likevel sjølvstendige. Truleg er det meir adekvat å kalle dei for nasjonale kyrkjer enn for statskyrkjer.

Forankring i særskild lovverk[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til føresegnene i grunnlova kan det finnast ei særleg kyrkjelovgjeving vedteke av nasjonalforsamlingA. Eksistensen av ei slik særlovgjeving tyder ikkje nødvendigvis at kyrkja er ein statskyrkje. Slik vurderer Svenska Kyrkan seg etter nyordninga frå år 2000. Dei to kyrkjesamfunna i Finland som er definert som offentlegrettslege, den evangelisk-luthersk folkekyrkja og den ortodokse kyrkja, forstår seg heller ikkje som statskyrkjer. Dei er sjølvstendige juridiske subjekt og kan ikkje verte påtvunge lovavgjersler frå Riksdagen som krenkjer karakteren deira av trussamfunn.

Generell religionslovgjeving i eit land kan omfatte både ei eventuell statskyrkje, ei folke- eller majoritetskyrkje som ikkje er statleg, og andre trus- og livssynssamfunn. Det er til dømes tilfelle i Finland.

Utpeiking av kyrkjelege leiarar[endre | endre wikiteksten]

I de fleste statskyrkjer har styresmaktene påverknad på kven som blir tilsett i sentrale leiarstillingar. Først og fremst gjeld dette biskopane (sjå bispeval). Staten si makt kan variere frå suverent å kunne utnemne kven han vil, slik det oftast var vanleg i tidlegare tider, til å vere meir avgrensa eller kondisjonal. Avgrensingane kan vere lagt av system med kyrkjelege nominasjons- og avstemmingsprosessar som gjer at staten anten må utnemne den som har fått flest stemmer eller er bunde til å velje blant prioriterte kandidatar. Det første er tilfelle i Danmark, det andre gjeld i prinsippet i England. Dersom et statsoverhovud eller ei regjering har ein reell rett til å velje mellom kandidatar til bispeembete og eventuelle andre kyrkjelege leiarstillingar, må den statlege påverknaden reknast som stor.

Om ikkje berre biskopane, men òg det øvrige presteskapet i eit kyrkjesamfunn er statstenestemenn, er det nærliggande å kalle vedkomande kyrkje ei statskyrkje. Ut frå et slikt kriterium kan Den norske kyrkja klart omtalast som ei statskyrkje.

Finansiering[endre | endre wikiteksten]

Et mogeleg men ikkje nødvendig kjenneteikn ved ei statskyrkje er at ho er finansiert ved tildelingar. Statskyrkjer har gjerne ha hatt eit innslag av offentleg finansiering, men omfanget har variert og gjer det framleis. Tildelingane kan kome frå staten, frå kommunane eller frå begge. Det finst statskyrkjer som har ein relativt sjølvstendig økonomi og som skaffar mesteparten av ressursane sine gjennom bidrag frå medlemmene (kyrkjeskatt e.l.). Den danske folkekyrkja er i det vesentlege finansiert gjennom medlemsbidrag. Mange kyrkjesamfunn kan få direkte eller indirekte statleg støtte. I mange tilfelle er den offentlege støtta stor, utan at dette gjer dei til statskyrkjer. Til dømes gjeld dette landskyrkjene i Tyskland og ei rekke kyrkjesamfunn i Italia.

Offisiell medverknad[endre | endre wikiteksten]

Ei statskyrkje er vanlegvis majoritetskyrkje. I land med majoritetskyrkjer kan desse kyrkjene vere involvert i offisielle hendingar på annan måte enn andre trussamfunn, sjølv om dei formelt ikkje er statskyrkjer. Dette gjeld i ein rekke land med katolske eller ortodokse majoritetskyrkjer, og tilsvarande i land med dominerande påverknad frå andre religionar. Ei kyrkje kan vere statskyrkje eller ha sterke band til staten sjølv om berre eit mindretal av folkesetnaden er medlemmer. Som døme dette verte ofte Church of England nemnd.

Nokre konklusjonar[endre | endre wikiteksten]

Gjennomgangen over viser at statskyrkje ikkje er eit stringent omgrep. Omgrepet vert avgjort ut frå historiske forhold og tar organisasjonsmessig ulik form i dei enkelte land. Det kan vere vanskeleg å sei kva for konkrete faktorar som må vere til stades for at ei kyrkje skal kunne kallast statskyrkje.

Det er sakssvarande å sjå på ordet statskyrkje som eit glideskalaomgrep. Kor statskyrkja byrjar eller sluttar på denne skalaen er ikkje lett å fastslå. Omgrepet er relativt. Ei kyrkje kan vere meir eller mindre statskyrkje. Dette er avhengig av kor sterke band det er mellom staten og kyrkja. Eit minstekrav er ein eller annan formell relasjon til styresmaktene og eit eller anna innslag av statleg styring. Kva desse juridiske og styringsmessige banda består i er situasjonsavhengig og landspesifikke.

Talet på statskyrkjer i den vestlege verda har gått sterkt tilbake. Berre nokre ganske få er no igjen. I andre delar av verda er det mange land som har ein offentleg religion. Mange muslimske land har islam som statsreligion, og eit mindre tal har høvesvis buddhismen og hinduismen som offisiell religion.

Den norske kyrkja som statskyrkje[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg statskyrkjeordninga i Noreg

Den norske kyrkja var statskyrkje i Noreg fram til 21. mai 2012.[1] I grunnlova § 2 var den evangelisk-lutherske religionen definert som den offentlege religion til staten. Som ei følgje av dette var biskopar og prestar i Den norske kyrkja statlege embets- og tenestemenn.

I Noreg var det òg eit krav at halvparten av regjeringa var medlemmar av statskyrkja, då regjeringa var Den norske kyrkja sitt øvste styre (kyrkjeleg statsråd). Kongen av Noreg var Den norske kyrkja sitt overhovud. Han var, og er fortsett, forplikta til å vedkjenne seg til den evangelisk-lutherske religionen, og til å handheve og verne denne (Grunnloven § 4). Kongen er som monark utan personleg religionsfridom.

Ein del tilhengjarar av statskyrkjeordninga legg vekt på at Kongen i kyrkjeleg statsråd var eit kyrkjeleg organ. Andre meiner dette organet utøver politisk styring av kyrkja. Dette var ifølgje Norsk senter for menneskerettar problematisk for kyrkja sin eigen religionsfridom.

Det har i meir enn 100 år vore diskusjonar om Den norske kyrkja framleis skulle vere statleg eller om ein skulle skilje kyrkja frå staten. I denne samanhengen hadde den siste statlege utreiinga (Gjønnes-utvalet) presentert eit tredje alternativ: Lovforankra folkekyrkje. Etter dette alternativet var Den norske kyrkja framleis forankra i lovverket, men samstundes var ho eit eige rettssubjekt med sjølvstendig styre. Ei tilsvarande løysing var vald i Sverige frå år 2000.

Grunnlova sine føresegner som som regulerer statskyrkjeordninga i Noreg
§ 2
Alle Indvaanere af Riget have fri Religionsøvelse.

Den evangelisk-lutherske Religion forbliver Statens offentlige Religion. De Indvaanere, der bekjende sig til den, ere forpligtede til at opdrage deres Børn i samme.
§ 4
Kongen skal stedse bekjende sig til den evangelisk-lutherske Religion, haandhæve og beskytte denne.
§ 12 andre ledd
Af Statsraadets Medlemmer skulle over det halve Antal bekjende sig til Statens offentlige Religion.
§ 16
Kongen anordner al offentlig kirke- og Gudstjeneste, alle Møder og Forsamlinger om Religionssager, og paaser, at Religionens offentlige Lærere følge de dem foreskrevne Normer.
§ 21 første punktum
Kongen vælger og beskikker, efter at have hørt sit Statsraad, alle civile, geistlige og militære Embedsmænd. [...]
§ 22 første og andre punktum
Statsministeren og de øvrige Statsraadets Medlemmer samt Statssekretærene kunne, uden foregaaende Dom, afskediges af Kongen, efterat han derom har hørt Statsraadets Betænkning. Det samme gjælder for [...] civile og geistlige Overøvrigheds-Personer [...].
§ 27 andre ledd
Medlem af Statsraadet, der ikke bekjender sig til Statens offentlige Religion, deltager ikke i Behandlingen af Sager, som angaa Statskirken.


Dertil kommer henvisning til at kongens person er «Hellig» i § 5, og henvisning til «Gud den Almægtige og Alvidende» i edsavleggelse etter §§ 9 og 44.
Etter § 106 første punktum skal midler fra Opplysningsvesenets Fond «blot anvendes til Geistlighedens Bedste og Oplysningens Fremme». Dette er avgjørelser som ikke direkte gjelder statskirkeordningen, men som kan sees i sammenheng med denne.
De særlige bestemmelsene om statskirken må sees i sammenheng med de alminnelige reglene om statsmaktenes kompetanse som også får betydning for styringen av Den norske kirke. Dette omfatter bl.a. § 3 om at den utøvende makt er hos Kongen (i kirkelig statsråd), og § 75 a og b om Stortingets lovgivnings- og bevilgningsmyndighet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]