Statsuniversitetet i St. Petersburg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hovudbygningen til universitetet på Vasilij-øya inneheld blant anna kontoret til rektor og universitetsadministrasjonen. Bygningen vart oppført etter ordrar frå Peter den store.
Ein av av universitetetsbygningane

Statsuniversitetet i St. Petersburg (russisk Санкт-Петербургский государственный университет), grunnlagt i 1724, er eit av dei eldste, største og mest prestisjetunge universiteta i Russland. Under Sovjetunionen var universitetet kjent som Statsuniversitetet i Leningrad.

Universitetet består av 20 fakultet og 13 forskingsinstitutt, samt krigsskule og idrettsskule. Dei fleste av universitetsbygningane er i dei to store universitetsområda på høvesvis Vasilij-øya og i Peterhof. Universitetet har over 30 000 studentar, og over 10 000 tilsette.[1] Åtte tilsette ved universitetet har motteke Nobelprisen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det er omstridt i kva grad Statsuniversitetet i Moskva eller Statsuniversitetet i St. Petersburg er det eldste universitetet i Russland. Medan Statsuniversitetet i Moskva vart grunnlagt i 1755, har Statsuniversitetet i St. Petersburg eksistert samanhengande sidan 1819, men hevdar å vidare vere eit direkte framhald av universitetsinstitusjonen som vart etablert av Peter den store i samband med grunnlegginga av Det russiske vitskapsakademiet 24. januar 1724.[1] Den første rektoren ved universitetet, Gerhardt Friedrich Müller, vart utnemnt i 1747.[1]

I utgangspunktet utgjorde universitetet eit reint forskingsinstitutt for vitskapsakademiet, men allereie frå 1726 vart det halde offentlege foredrag der. I perioden 1803 til 1819 eksisterte universitetet formelt sett ikkje. Berre pedagogisk institutt bestod i denne perioden, etablert i 1806, og dette danna grunnlaget for stiftinga av dagens universitet i 1819.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]