Stavanger katedralskole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Stavanger Katedralskole (Kongsgård) er ein vidaregåande skule i sentrum av Stavanger. Skulen ligg rett ved Stavanger domkyrkje i den eine enden av Breiavatnet. Grunnmurane til mange av skulebygga kan førast attende til mellomalderen. Skulebygga som står i dag har vorte bygd i tida frå 1600 til slutten av 1800-talet.

Kongsgård som skulen heiter på folkemunne, er saman med domkyrkja Valbergtårnet og Breiavatnet kjende landemerke i Stavanger sentrum. Skulen er kjend i litteraturen gjennom Alexander Kielland sine verk. Det var her «Lille Marius» døydde medan han pugga latin, det var her «Abraham Løvdahl» vart danna og kaninane var lærarar.

Kielland var sjølv elev ved skulen i si tid, som på den tida var obligatorisk lærestad for søner av framståande borgarar i byen. Diktaren Sigbjørn Obstfelder og komponisten Fartein Valen vart seinare elevar her.

Det har vore drive skule på staden frå kring 1260, og vart offentleg skule i 1824. Skulen er med sin 700 år lange tradisjon ein levande institusjon i Stavanger. Det eldste skuleteatret i Noreg, Idun, leverer årlege julekomediar amatørteaterscena Sangsalen. I moderne tid har forfattaren Tore Renberg, skodespelarane Laila Goody og Marianne Holter og politikar Jan Egeland prega skulemiljøet.

Skulen er kjend for eit tett elevmiljø, og vert tidvis nærast sett på som ein klan av resten av byen. Lærarane har ofte vore viktige personar i bylivet i Stavanger. Johannes Steen, seinare statsminister, var lenge rektor ved skulen.

Etter tradisjonen er rektor ved katedralskulen den einaste som har fiskerett i Breiavatnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ole Kallelid: Kongsgård. Stavanger Katedralskole 1824-1999, Stavanger 2003.