Stavanger lufthamn, Sola

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stavanger lufthamn, Sola i 2007
Foto: Jarle Vines
Eit Sikorsky s92 helikopter fotografert på Sola flyplass i juli 2003
Foto: Jarle Vines

Stavanger lufthamn, Sola vart opna i 1937. Flyplassen ligg i Sola kommune utanfor Stavanger.

Stavanger lufthamn, Sola er den tredje største flyplassen Noreg i passasjertal. I 2006 var det til saman 3 271 852 passasjerar som reiste frå lufthamna. Stavanger lufthamn har to passasjerterminalar, ein for fly og ein for helikopter. Det er ein stor helikopterbase for offshore-trafikk. Flyplassen har to kryssande rullebanar, hovudbanen for fly ligg nord-sør ut mot Solastranda (18/36) og hovudbanen for helikopter ligg nordvest-søraust (11/29).

Ved Stavanger lufthamn, Sola finn ein òg Sola Kontrolltårn/innflygningskontroll, Stavanger Kontrollsentral og Sola flystasjon.

Hausten 2004 vedtok Avinor, det tidlegare luftfartsverket, å leggja kontrollsentralen for flytrafikk i det sørlege Noreg til Stavanger lufthamn, Sola.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Lufthamna ligg strategisk til, ut mot Nordsjøen. Under den andre verdskrigen vart lufthamna utvida i stor stil. For dei tyske okkupantane var flyplassen ein viktig del av Festung Norwegen. Mellom Sola og Forus vart betonggata Løwenstrasse bygd, og rullebanane vart forlenga. Etter verdskrigen har det norske Luftforsvaret hatt ein base ved lufthamna.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]