Stavenes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Stavenes
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Askvoll
Postnummer 6984 STONGFJORDEN
Preposisjon Stavenes
Kart
Stavenes
61°24′53″N 4°58′48″E / 61.414742°N 4.979919°E / 61.414742; 4.979919

Stavenes er ein gard i Askvoll kommune i Vestland. Han ligg ytst i Stongfjorden. Staveneshamn ligg på Stavenes.

På Stavenes ligg det 30 gravrøyser og 11 helleristingar, som skriv seg frå tida 1800 f.Kr. til 500 e.Kr.

29. oktober 1929 grunnstøytte hurtigruteskipet DS «Haakon VII» ved Stavenes og velta 90 grader. Akterenden sokk, medan baugen låg langt inne på land. 18 personar omkom og 55 overlevde. I 1930 vart skipet slept til Bergen, og vart kondemnert og hogge opp.

23. juni 1943 vart to nordmenn, løytnant Anton Christopher Hagerup og kvartermeister og navigatør Just Wiide Meinche Friis, nedskotne på staden då dei i eit Mosquito-fly gjekk til åtak på ein tysk konvoi. To britiske flygarar vart også nedskotne der. Det er sett opp to minneplatar, og mellom dei står emblemet til Royal Air Force. I 1944 vart lasteskipa DS «Lynx» og DS «Tyrifjord» bomba av allierte fly utanfor Stavenes.

Namnet Stavenes vart godkjent av Statens kartverk 1. januar 1985.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]