Stavropol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stavropol
Ставрополь
STAVROPOL maison gouvernement.jpg
Flagget til Stavropol Byvåpenet til Stavropol
Flagget til Stavropol Byvåpenet til Stavropol


Plassering
Stavropol is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Stavropol kraj
Grunnlagd
Bystatus
1777
1785
Borgarmeister Nikolaj Paltsev
Geografi
Flatevidd
 - By

242 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2010[1])
   - folketettleik

398 000
  1 644,6 /km²
Koordinatar 45°3′″N 41°59′″EKoordinatar: 45°3′″N 41°59′″E
Høgd over havet 550 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 355000–355047
Retningsnummer (tlf) (+7)8652
Bilnummer 26
Nettstad: stavropol.stavkray.ru/

Stavropol (russisk Ста́врополь) er ein by sørvest i Russland. Byen er hovudstad i Stavropol kraj og har om lag 398 000 innbyggjarar (2010). Han ligg på Kubansletta, nord for Kaukasus, som er særs fruktbar og eitt av dei viktigaste jordbruksområda i Russland. Dei viktigaste utdanningsinstitusjonane i byen er Stavropol statsuniversitet, Nordkaukasus statlege polytekniske universitet, Landbruksuniversitetet og Stavropol statlege medisinske akademi. Næringslivet består av bilindustri, møbelindustri, kjemisk industri og annan industri. Stavropol er tent av flyplassen Sjpakovskoje. Fotballaget i byen heiter Dynamo Stavropol.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Stavropol vart grunnlagt av Grigorij Potemkin i 1777 etter den russisk-tyrkiske krigen 1768–1774. Han grunnla byen på oppdrag frå tsarina Katarina den store som ein av ti festningar mellom Azov og Mozdok. Don-kosakkar, særleg frå Khoperskij-regimentet, vart busett i og rundt byen for å styrke forsvaret av riket.

Namnet «Stavropol» er ein russisk transkripsjon av det greske ordet Σταυρούπολις (Stauroupolis), som tyder «krossbyen». Namnet stammar frå ei segn som seier at soldatar skal ha funne ein stor steinkross då dei bygde ei festning her. Stauroupolis var òg namnet på eit bispedøme i vestlege Vesleasia, men det har ingenting med den russiske byen å gjere.

Aleksander I ønskte å styrke handelen i området og inviterte i 1809 ei rekkje armenske familiar til å slå seg ned i festninga.

Stavropol låg strategisk til i forhold til den russiske erobringa av Kaukasus og i løpet av første halvdel av 1800-talet vart han ein viktig handelsstad. Byen og området rundt vart eige bispedøme i 1843 og gubernija (provins) i 1847.

Under den russiske borgarkrigen kjempa den raude arméen og general Anton Denikin sin kvite armé i området og Stavropol skifta eigarar fleire gonger. Den raude arméen erobra byen siste gong 29. januar 1920. Frå 1935 til 1943 heitte byen Vorosjilovsk, kalla opp etter Kliment Vorosjilov. Stavropol vart hardt råka under den andre verdskrigen og var okkupert av Tyskland 3. august 1942–21. januar 1943. Sidan 1946 har det vorte vunne ut naturgass nær byen og ei gassrøyrleidning fører han til Moskva. Mikhail Gorbatsjov er fødd i Stavropol kraj og jobba i Stavropol frå 1955 til 1978, frå 1970 som regional partisjef.

Vennskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den russiske folketeljinga i 2010 på russisk

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Stavropol