Stavropol kraj
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
|
|||||
![]() |
|||||
| Hovudstad | Stavropol | ||||
| Areal - Totalt |
Rangering: 48. 66 500 km² |
||||
| Innbyggjartal - totalt |
Rangering: 16. |
||||
| Føderalt distrikt | Sørlege | ||||
| Økonomisk region | Nord-Kaukasus | ||||
| Regionsnummer | 26 | ||||
| Offisielt språk | Russisk | ||||
| Guvernør | Valerij Veniaminovitsj Gajevskij | ||||
| Nasjonalsong | |||||
| Tidssone | UTC +0300 | ||||
Stavropol kraj, (russisk Ставропольский край) er eit territorium (kraj) i Russland og eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden er Stavropol, arealet er 66 500 km² og innbyggjartalet er 2 786 000 (2010).
Folkesetnad [endre]
Dei største byane i Stavropol kraj er Stavropol (398 500 ib.), Pjatigorsk (142 500), Kislovodsk (128 600), Nevinnomyssk (118 400) og Jessentuki (101 000).[1]
Folkesetnaden er etnisk samansett, med mange minoritetsgrupper. Ved folketeljinga i 2010 var dei største etniske gruppene:[1]
- Russarar: 80,1 %
- Armenarar: 5,8 %
- Darginar: 1,8 %
- Grekarar: 1,2 %
- Sigøynarar: 1,1 %
- Ukrainarar: 1,1 %
Fotnotar [endre]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 "Vserossijskaja perepis naselenija 2010" - Folketeljinga i Russland 2010
Eksterne kjelder [endre]
- Stavropol kraj sine offisielle heimesider på russisk.
