Stavseng fyrstasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stavseng fyrstasjon
Fylke Telemark
Kommune Kragerø
Funksjon Innseglingsfyr
Oppretta 1874
Koordinatar 58°51.0603′N 9°27.2351′EKoordinatar: 58°51.0603′N 9°27.2351′E
Fyrtårn
Høgd 16,8 m
Form Kvitt trehus med tårn
Byggjemateriale Tre
Fyrlys
Lyskarakter To okkulterande glimt kvart 8. sek.
Lyshøgd 25,7 moh
Lysvidde 12,0 nm
Status
Eigar Staten
Automatisert 1968
Avfolka 1968
Vernestatus Freda etter lov om kulturminne

Stavseng fyrstasjon er eit fyr på ei øy i Kragerøfjorden. Fyrbygningen i tre har eit høgt kyrkjeliknande tårn i gavlen med eit 4. ordens linseapparat.

Stavseng fyrstasjon is located in Aust-Agder
Plasseringa til Stavseng fyrstasjon

Fyret vart bygd samstundes med Strømtangen fyrstasjon lenger ute i fjorden i 1874. I lag dannar desse to ei overettlinje.

Tårnet på fyrbygningen vart bygd høgare i 1907. Som representant for små trefyr og den særeigne utforminga er fyrstasjonen freda etter lov om kulturminne.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]