Steadicam

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Frå ei filminnspeling i London. Fotografen til venstre er utstyrt med steadicam.

Steadicam er ei montering som blir bruka til å stabilisere video-/filmkamera når ein filmar med eit handhalde kamera. Det blei oppfunne av Garrett Brown på 70-talet. Den fyrste gongen eit steadicam-montert kamera blei bruka var i under innspelinga av den fyrste Rocky-filmen i 1976, der ein nytta ein prototype.